PROSJEKT / SKULEPROSJEKT I GHANA


Rotaryklubbane på Voss og på Dale samarbeidar for å sikra skulegang for born i Ghana.


Det var Dale Rotaryklubb som drog igang dette prosjektet. Voss Rotaryklubb som er fadderklubben til Dale vart også med på prosjektet. Klubbane sender årleg pengar til Ghana.
 
Opptakten til prosjektet kom etter at Rolf Hagebø, som driv bunadsproduksjon i Ghana, var på besøk i Dale Rotaryklubb og fortale om tilhøva for borna i Ghana. Resutatet av dette vart det som me kallar "Ghana prosjektet".

Det er i byen Parmoso i Ghana våre to Rotaryklubbar har valt å yta bistand.  I utgangspunktet blir støtta gitt til to utvalde vanskelegstilte born, som sikrar desse borna skulegang, skuleuniform og mat. I tillegg blir det også gitt støtte til den internasjonale skulen i Parmoso.  Støtte som vert brukt til naudsynt oppgradering av klasserom og undervisningsutstyr.

Sidan dette er eit prosjekt i eigen regi blir det ingen fordyrande mellomledd. Pengane vert sendt direkte til skulen. Elevane får full grunnskuleutdanning og lærer engelsk, fransk, ghanisk, matematikk, samfunnsfag, kunstfag og data.




Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Idrottshuset
Adresse: På Idrettsplassen
Postnummer: 5700
Sted: Voss
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 18:30
Møtespråk: no
Møtedetaljer: Møtedag annakvar onsdag.

Plasser innhold her

Møtearkiv fra
før August 2022



roterende lenker

Nyheter fra
Rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Distrikt - Rotary RSS