Velkomen til Voss Rotary Klubb sine heimesider

Voss Rotary Klubb vart skipa i 1955.  Pr. 1. juli 2019 har klubben 40 medlemar.  To av medlemane er utnemde til æresmedlemar. Medlemane  reprenterer  eit breidt spekter når det gjeld alder, yrker og erfaring.  Vi opplever det spanande å vera ein del av eit fellesskap, der det er samla så mykje livs- og yrkeserfaring. Men også det gode kameratskapet og å arbeida for felles mål er givande for oss alle.  Klubben har møter annakvar onsdagskveld med interessante tema og besøk hjå bedrifter og organisasjoner osv.                        *************************************************************************************************************************

Presidentskifte i Voss rotaryklubb


Voss Rotaryklubb har hatt Presidentskifte, som vart halde på uteområdet ved Voss Folkemuseeum - Mølstertunet.
Frå 1. juli overtek Åse Karin Tennebekk som President i klubben etter Edvard Klette. Edvard har leia klubben siste året som har vore ei utfordrande oppgåve pga Koronaepidemien. Han fekk blomehelsing frå Åse Karin og klubben som takk for innsatsen. Edvard ynskte Åse Karin lukke til i komande møteår og overrekte Presidentkjedet. Audun Lødemel og Odd Henry Hommedal går ut av styret og fekk ei gåve som takk for innsatsen.


************************************************************************************************************************************

Rotarykubben vitja "FLOR"


Kristin Lemme starta for nokre år sidan bedrifta Flor (fjøs) som produserer og sel arbeidsklær for kvinner. I starten har det vore spesielt fokus på arbeidsklær for kvinner i landbruket, men dei arbeidar no også med kvinneklær for andre yrker, m.a. fiskeribransjen.
Flor at fått tilskot m.a. frå Innovasjon Norge og har fått salsavtale med m.a. Felleskjøpet. Dei deltek aktivt på ulike messer rundomkring i landet.



**************************************************************************************************************************************************

"Ein biolog sitt syn på klimakrisa"

Foredrag av Brynjulv Kvamme i Voss rotaryklubb 5. febr. 2020.

Brynjulv Kvamme, som er medlem i Voss Rotaryklubb heldt 5. februar foredrag for klubben med temaet;  «Ein biolog sitt syn på klimakrisa». Foredrag var svært interessant og han fekk undervegs mange spørsmål og kommentarar.

"Menneska set sine spor og påverkar naturen og miljøet vi lever i.  Denne påverkinga har vi teke inn over oss og verdssamfunnet har forsøkt å skape ein slags kontroll med menneska si påverking." Med dette som utgangspunkt stilte Brynjulv mange spørsmål og gav sjølv svar.

"Kva har skjedd?" - "Kva er gjort?" - "Kva er problemet?" - "Kvifor er det blitt slik?" og "Kva kan vi gjera?"

Ynskjer du meir info kan du få tilsendt fullt referat frå Brynjulv sitt foredrag


***************************************************************************************************************************

kari traa på besøk i Voss rotaryklubb.

Onsdag 11. des. 2019  hadde Voss Rotaryklubb besøk av Kari Traa. Ho fortalde  om si eiga karriere og mange gode historiar om ting ho har opplevd som aktiv idrettsutøvar. Ho fortalde også om suksess historien for klesmerket "Kari Traa". Kari er ein engasjert og frisk foredragshaldar, og rotarianarane fekk mykje god informasjon og latteren runga fleire gonger i lokalet. President Edvard Klette takk for foredraget og overrekte boka "Vossestrand - Folk og Landskap" som takk for innsatsen.

*************************************************************************************************************************

Smalahovefest

Voss Rotaryklubb sin årlege Smalahovefest gjekk av stabelen igårkveld. Rekord deltaking med over 40 gjester, og stor stemning. I år som ifjor hadde me besøk av AG Ingunn B. Hansen med gemalen. Ho bidrog med solosang og gode historier. Mange andre av gjestene var også frampå med Sannsonger og Skrøner. I år hadde me også gjester frå USA som fekk smaka smalahove for første gong. Me gler oss allereide til neste år....


***********************************************************************************************************************

OL- på vestlandet

Torgils Bryn vitja 2. oktober Voss Rotaryklubb og heldt foredrag om OLympiske vinterleikar på vestlandet.

Med overskrifta "Eit annleis OL" fortalde ein engasjert Torgils Bryn om arbeidet som er gjort hittil og planane framover for å få OL til Norge og Vestlandet. Ein komitè er nedsett som dei neste to åra skal arbeida aktivt for å få OL til Norge i 2030 eller 2034. Dei har kontor på Brann Stadion og arbeidet framover er fullfinansiert. 

Tanken er at OL skal nytta mange av dagens idrettarenaer, slik at kostnadane vert haldne låge. Alt det semonielle skal vera i Bergen, der også mediasenteret skal halda til. Elles vert det arrangement på Voss med f.eks. skiskyting og i Bergen blir det skøyteløp. Hopprenn i stor bakke i Oslo, og slik blir mange stadar i sør-norge involvert i arrangementet.

Det er viktig at søkanden kjem frå idretten sjølv og ikkje få ein eventuell arrangørby.

One game – one flame! Ideen til initiativtakarane er og å arrangera OL og Paraolympics samstundes, har aldri vore gjort før.

Bilete øverst: Torgils Bryn fortel om OL på Vestlandet.
Bilete nederst: Medlemar i Voss Rotaryklubb som lydhør forsamling.


****************************************************************************************************************************

nye æresmedlemar i voss rotaryklubb

Astrid Kløve-Graue og Knut Gjertsen vart på sommarfesten til Voss Rotaryklubb utnemde til æresmedlemar i klubben. Dei har begge vore aktive medlemar i mange år og har begge vore President i klubben og har hatt mange andre ulike verv. Astrid var i 2007-2008 Guvenør i Distrikt 2250 (Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane). Ho var då den fyrste kvinnelege Guvenøren i distriktet. Knut har vore og er særs aktiv som foredragshaldar i klubben. Begge er tidlegare heidra med Paul Harris Fellow.

****************************************************************************************************************************


ny president i Voss Rotaryklubb

På sommarfesten til Voss Rotaryklubb 19. juni var det også skifte av President i klubben. Odd Henry Hommedal som har vore President siste året overrekte presidentkjedet til den nye Presidenten Edvard Klette. Me ynskjer Edvard lukke til som leiar av klubben i komande år.


****************************************************************************************************************************

sidertur til ulvik.

 

Voss Rotaryklubb var 22.mai på sidertur til Ulvik. Her besøkte me Syse Gard med vertskapet Gro og Hans Uglenes. Syse gard er ein del av siderruta i Ulvik, og garden tilbyr utsal av eplesider, syltetøy, hermetiske plommer, kors osv. Dei har i løpet av året 10.000 besøkjande og 4.000 på omvising og matservering.
Klubben fekk omvisning på garden og fekk god informasjon om gardsdrifta og sider og mat produksjonen. Undervegs i løypa fekk medlemane servert smaksprøvar. I gardsutsalet vart det mykje freistande å sjå på og det var mange som handla både sider og andre produkt.
Besøket vart avslutta med eit utsøkt måltid av kortreist mat i ljose og trivelege lokale.
****************************************************************************************************************************

Rotary på besøk hjå vossestrand omsorgstun.

9. mai var Voss Rotaryklubb på besøk hjå Vossestrand Omsorgstun på Oppheim. Leiar for område Nord i Voss kommune og for Omsorgstunet Agnete Hommedal Gilbakken viste oss rundt på institusjonen og fortalde om livet på omsorgstunet. Ho orienterte om kriterier for å få plass på ein aldersheim og om ulike aktivitetar for dei eldre.
Iril Schou Johansen spelte blokkfløyte og Einar Midtun heldt foredrag om Per Sivle og fortalde vossastubben "Tobakksvolt". Eit interessant og givande møte hadde me.

************************************************************************************************************************

Besøk hjå SKYFITNess Voss.

Voss Rotaryklubb besøkte 27. mars  SkyFitness Voss. 

Interessant informasjon om verksemda, fysisk trening og omvising i lokalet av Linn og PT Tobias. 

Då er det berre å melda seg inn og starta treninga.






*************************************************************************************************************************

Ope møte om bergensbanen

Onsdag 27. februar var Hilde Magnusson, dagleg leiar i Forum Nye Bergensbanen på  besøk i Voss Rotaryklubb. 
Ho heldt foredrag om:
Bergensbanen - når kan me reisa Oslo-Bergen på 4 timar?
Møtet var annonsert i avisa og var ope for alle interesserte.
Det var godt frammøte og det vart stilt mange gode spørsmål til foredragshaldraren.
Journalist frå avisa Hordaland var tilstades og det kom ein artikkel på trykk i avisa laurdag 1. mars.
Som takk for eit godt og interessant foredrag fekk Hilde boka Vossestrand - Folk og Landskap som takk.








******************************************************************************************************************************************************************
VOSS ROTARYKLUBB GAV 10.000,- KRONER TIL FRELSESARMEEN.

Bjarte Tolaas, Ragnar Aronsen og President i Voss Rotaryklubb  Odd Henry Hommedal, møtte tysdag opp ved Jolegryta til Frelsesarmeen med ein sjekk på 10.000,- kroner som dei putta oppi gryta.

– Frelsesarmeen deler no før jol ut matkort til dei som treng det mest og jolaftan steller dei i stand jolekveld med god mat og kos for mange einslege og andre som vil vera med i eit større fellesskap jolekvelden. Me er svært takksame for den rause gåva, som vil koma godt med, seier Astrid Hansen i Frelsesarmeen.
Frelsesarmeen gjer ein svært god og meiningsfylt jobb og dei fortjener verkeleg denne gåva. 

Rotary har som motto «Service above self» som på norsk betyr «Å gagna andre», og på denne måten er me i same båt som Frelsesarmeen.

Rotary på Voss får sine inntekter frå medlemane og frå ulike arrangement, m.a. grindbygglotteriet for eit par år sidan. I tillegg til å støtta ulike tiltak og organisasjonar lokalt og internasjonalt har Voss Rotaryklubb eit eige prosjekt i Ghana som dei har ytt bidrag til i mange år. Det er støtte til ein skule for sikra utdanning for fleire elevar. No har klubben forplikta seg til å betala jordmorutdanning i tre år til ei 18 år gamal jente i Ghana. Utan denne støtta ville ikkje Rebecca hatt mogelegheit for halda fram på vidaregåande skule. Dette er me i Voss Rotaryklubb svært stolte av.

*********************************************************************************************************************************************************

Voss rotaryklubb kostar utdanninga som jordmor for ung jente i ghana.

Voss Rotaryklubb har i mange år bidrege økonomisk til utdanning for særs vanskelegstilte born i Ghana. Det er Rolf Hagebø frå Dale, som har drive  bunadsproduksjon i Ghana i over 20 år, som er kontaktpersonen mellom Rotaryklubben på Voss og skulen i Ghana. Hagebø var 5. desember på besøk på Voss og fortalde om prosjekta sine i Ghana og om skulen og utdanninga som klubben bidreg til. Han synte bilete frå skulen og området og ikkje minst av Rebecca som Voss Rotaryklubb har bestemt seg for å kosta utdanninga for i 3 år framover til ho blir ferdig utdanna som jordmor. 


********************************************************************************************************************

Voss Rotaryklubb sin tradisjonelle smalahovefest gjekk av stabelen 31. oktober.

Som vanleg vart smalahovefesten særs vellukka. Innk. President Edvard hadde ein flott introduksjon til samkoma og ynskte alle velkomne. Knut leia som vanleg samkoma med stø hand.  AG Ingunn Hansen og ektefelle hadde teke turen frå Bergen og var med å kasta glans over festen. Ingunn imponerte med framføring av eit flott stev. Kvelden vart avslutta med ein god takk-for-maten-tale av Audun.


*********************************************************************************************************************


informasjon om utbyggingsplanane til fleischer's hotel.

Alette Hjelmeland og Erik Tønjum heldt foredrag i Voss Rotaryklubb 24. oktober. Dei fortalde om planane for utbyggning av hotellet med spesiell fokus på nytt inngangparti. 

Dei har jobba med dette i mange år og har møtt mykje motgang, men har ikkje mista trua på at dei kan få realisert planane. Rotary medlemane fekk eit godt innblikk i problemstillingane og gav dei støtte for å stå på vidare.


Foto: Odd Henry Hommedal


*************************************************************************************************************************

Årsmøte i Voss rotaryklubb og opptak av Nils dagestad som ny medlem i klubben.

10. oktober heldt Voss Rotaryklubb årsmøte. Eks.president Ragnar Aronsen presenterte årsmelding og rekneskap for føregåande år. 

Alt vart godkjent av årsmøtet.  Nils Dagestad vart på same møtet tatt opp som medlem i klubben. Me ynskjer velkomen og vonar han vil trivast i Rotary.



*****************************************************************************************

ROTARYS LEIARSEMINAR FOR UNGDOM - 19-27 ÅR.  SØKNADSFRIST: 1. NOVEMBER

ROTARY YOUTH LEADERSHIP AWARD (RYLA) LEDERSEMINAR FOR unge.

RYLA er et 3 dagers seminar med fokus på egenutvikling for unge mennesker som ønsker å bli ledere.Målet forseminaret er egenutvikling gjennom å få innsikt i egen person og forholde seg til, samarbeide med og lede andre. Ved hjelp av teori, gruppeøvelser, diskusjon og refleksjon er fokus på hvordan vi påvirker andre og andre påvirker oss. Gjennom diskusjon med erfarne bedriftsledere i gruppearbeid og panel debatt, får deltagerne belyst aktuelle problemstillinger og spørsmål. Seminaret gjennomføres i en inkluderende atmosfære hvor deltagere i alderen 19-27 år fra forskjellige miljøer og bakgrunn kan lære av hverandre og få nyttige impulser og kontakter. 

Neste seminar vert halde 15.-17. mars 2019 på Fjordslottet Hotell, Fotlandsvåg.   Les meir her.

************************************************************************************************************************************

Distriktkonferansen for D2250 vart halden på Voss 5.-7. oktober.

Årets distriktkonferanse for Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane Rotaryklubbar (D2250) vart halden på Fleischer's Hotel 5.-7. oktober. Frå Voss Rotaryklubb deltok President, sekretær og Leiar i Medlemskomiteen på konferansen. Det var mange gode foredragshaldarar og gode innlegg. M.a. hadde tidlegare statminister Kjell Magne Bondevik eit interessant foredrag.


Foto: Per Ove Askeland.

***************************************************************************************************************************

Opptak av ny medlem og guvenørbesøk  

På møtet 26. september var det opptak av David Gjøstein som medlem i Voss Rotaryklubb. Me ynskjer velkomen til klubben og vonar han vil trivast som Rotarianer. Distriktsguvenør Arild Dale og Ass. guvenør Ingunn B. Hansen var også på besøk på dette møtet. Begge heldt eit innlegg og rosa klubben vår for godt arbeid. Gerd hadde feira jubileeum og fekk overlevert blomehelsing.

Foto: Kjell Herheim

*****************************************************************************************************************************

PRESIDENTSKIFTE, HESTESKOKASTING OG GRILLFEST.

20. juni vart møtesesongen 2017-2018 avslutta med grillfest, hestskokasting og Presidentskifte på Tvildemoen.

I hestskokasting-tevlinga, som vart leia av Ola Folkestad, var det to klassar. I klassen for gjester vart vinnaren Kari Bryn og i medlemsklassen gjekk Knut Sæten av med sigeren. Festkomiteen diska opp med god grillmat med tilbehør og god drikke av ymse slag. 

Avtroppande President Ragnar Aronsen takka for året som var gått og syntest det hadde vore kjekt å få bidra med utdeling av pengar til gode formål. Det flotte grindbygglotteriet hadde mogeleg gjort dette. Han overrekte presidentkjedet til påtroppande President Odd Henry Hommedal.  Odd ynskte å bruka årets motto "Be the inspiration" som eit utgangspunkt for komande år. Eit mål blir å gjera Rotary sitt formål og arbeid meir kjent og synleg i bygda.

**************************************************************************************************************************

Sveinung Klyve vitja voss rotaryklubb med interessant foredrag og flotte bilete.

Onsdag 23. mai hadde me besøk av Sveinung Klyve. Han viste mange flotte bilete frå naturen og dyrelivet både i inn og utland.

Les meir under Møter.






____________________________________________________________________________________

Vossingar på rotarymøte i frankrike

Onsdag 25. april var Rotarymedlemar frå Voss på besøk til Rotaryklubben i Menton i Frankrike. Dei deltok på møtet på Hotel Napoleon. 
Les meir om dette under Møtereferat.


____________________________________________________________________________________________________________________

sverre leiro - frå jord til bord

På møtet 9. mai hadde me besøk av tidlegare leiar i Norgesgruppen Sverre Leiro. Han heldt eit engasjerande foredrag om daglegvarehandelen i Norge.

Les meir under Møter.




___________________________________________________________________________________________

voss rotary klubb vitja "avisa Hordaland"

Onsdag 18. april var Voss Rotary klubb inviterte til "Avisa Hordaland".  

Astrid Kløve-Graue, som er mangeårig Rotary medlem, tok imot oss og orienterte om avisa sin historie. Deretter vart det omvising i trykkeriet og rekasjonen  og  informasjon om dagens avisdrift. 

Møtet vart avslutta med kaffi og wienerbrød. 


Les meir om besøket under Møter.



___________________________________________________________________________________________

onsdag 25. april vitja voss rotaryklubb aldersheimane på voss.

Tradisjonen tru vitja Voss Rotary klubb alderheimane på Voss i april. Hagahaugen (Evanger aldersheim), Vossestrand Omsorgstun og Vetleflaten Omsorgsenter fekk besøk av klubben sine medlemar. Klubben hadde med blautkake og musikantar. 

Sjå bilete frå besøket på Vossestrand Omsorgstun her.

____________________________________________________________________________________________

Fylkesmann Lars Sponheim vitja voss rotaryklubb.

På Voss Rotaryklubb sitt møte 11. april hadde me besøk av Fylkesmann Lars Sponheim. Tittelen på foredraget hans var "Utviklinga i Indre strøk av Hordaland". Han fortalde først om Fylkesmannen si rolle og oppgåver, før han kom inn på kommune og fylkessamanslåing. Sponheim sitt syn på utviklinga i indre strøk av Hordaland var svært interessant.

Les meir om foredraget hans under Møter.



---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

rotarymøtet 21. mars handla om boka "sapiens" av Yuval Noah Harari. 

Knut Gjertsen innleia, refererte og filosoferte over temaet i boka, og det vart ein god diskusjon om boka og temaet.

Klikk her og les referatet frå møtet som du også finn under Møter.

Her kan du lesa anmelding av boka i VG: Klikk her




-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Lokalsoge var temaet i foredraget som nils dagestad heldt på rotarymøtet 14. mars. 

Les referat frå foredraget her.

80 års jubilanten brynjulv kvamme fekk blomar av rotary president ragnar aronsen.






_________________________________________________________________________________________________________________________


Pets vart arrangert på Fleischer's Hotel 2.-4. mars.

PETS (Presidents Elect Training Seminar. Treningsseminar for innkommande) vart arrangert på Fleischer's Hotel 2.-4. mars. Innkomande president og Sekretær frå Voss Rotary Klubb deltok på heile seminaret.  I alt var det 95 deltakarar på seminaret, frå Distrikt 2250 som er Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Det var eit interessant seminar med mange gode foredraghaldarar og spanande tema. Referat frå seminaret blir gjennomgått på medlemsmøter i løpet av våren.

Programmet for seminaret finn du under Møter. Klikk her.

___________________________________________________________________________________________

Sokneprest Kjersti Brakestad Boge held foredraget "luther og kvinnene".

På medlemsmøtet 28. februar heldt Sokneprest Kjersti Brakestad Boge foredrag om Luther og Kvinnene. Eit interessant foredrag som  truleg var nytt og spanande stoff for dei fleste av medlemane. Les referat om foredraget under "Møter".  

I desember i fjor heldt Brakestad Boge det same foredraget på Litteraturhuset i Bergen. Foredraget vart filma og ligg tilgjengeleg på Youtube. 

Du kan sjå foredrag om du klikkar Her.

 ________________________________________________________________________________________________________________________

 Ny bygdebok for for voss

Eirik Helleve og Åsmund Ohnstad fortalde på møtet 14. februar om den nye bygdeboka for Voss. 

Eirik Helleve, som er medlem i Voss Bygdebok nemnd, innleia med eit tilbakeblikk på skipinga av Voss Sogelag og arbeidet med å få til bygdebok for Voss.  Dette resulterte i Lars Kindem sine bøker på 1930-talet.  Han informerte om at desse bøkene fyrst og framst var gardssoger, medan ættesoge delen var nokså tynn. Åsmund Ohnstad er redaktør for den nye boka og fortalde om arbeidet med å laga 1. bindet av boka og korleis arbeidet med dei neste tre binda er lagt opp.

Les meir under menyfanen Møter. Klikk her.


____________________________________________________________________________________________

gunnar schei: framandkrigarar i den spanske borgarkrigen.

På møtet onsdag 7. februar 2018 held Gunnar Schei foredrag om framandkrigarar i den spanske borgarkrigen.

Gunnar  Schei innleidde med å greie ut om bakgrunnen for den spanske borgarkrigen, der opprørarane under leiing av general Franco nedkjempa regjeringsstyrkane og overtok makta i Spania.  Krigen varte frå 1936 til 1939.

Les meir under menyen møter. Klikk her.

___________________________________________________________________________________________

Voss rotaryklubb på tur til Nepal med Marit og Per Helleve.

I 2015 var Marit og Per Helleve på tur til Nepal og på møtet 13. desember fortalde dei om turen og opplevingane dei hadde på  rundturen i landet.  Les meir om foredraget deira og sjå bilete.    Klikk her.





              
     
        
___________________________________________________________________________________________

Voss Rotaryklubb vitja "Dale of Norway" på dale. 

Rotary møtet onsdag 6. desember var lagt til Dale og besøk hjå Dale of Norway. Her fekk me iformasjon om verksemda med historisk tilbakeblikk. Me fekk omvisning i fabrikklokala og  butikken vart opna for hyggeleg jolegåvehandel.

Les meir og sjå bilete. Klikk her.

                      _


___________________________________________________________________________________________  

BEDRIFTSBESØK HJÅ GJERALDSTVEIT MEKANISKE AS

Onsdag 15. november  var Voss Rotary Klubb på bedriftsbesøk hjå Gjeraldstveit Mekaniske AS.

Leis meir om besøket under MØTER.





                    

  __________________________________________________________________________________________

 distriktsguvenør christin Sagen landmark på vossabesøk

        

  Rotarymøtet på Fleischers Hotell 8. nov. var ei sammøte med Dale Rotary Klubb og me hadde besøk av Distriktsguvenør  Christin Sagen Landmark og Assisterande Distriktsguvenør Ingunn B. Hansen. 

  Les meir og sjå bilete. Klikk her.


                                                                                     President i Voss Rotary Klubb                                                                                         Ragnar Aronsen og                                                                                                             Distriktsguvenør Christin                                                                                                 Sagen  Landmark.

                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                            Foto: Kjell Erik Herheim

                 ____________________________________________________________________________________

           voss rotary klubb vitja vossabadet.

                Les møtereferat og sjå bilete. Klikk her.


           

           _______________________________________________________________________________________________________________           

           ROTARYS LEIARSEMINAR FOR UNGDOM - 19-24 ÅR.  SØKNADSFRIST                                                               1. DESEMBER.  ROTARY YOUTH LEADERSHIP AWARD (RYLA)

                "har du det som trengs for å bli en dynamisk leder og forandre ikke bare deg selv,                     men verden ?"
                Les meir om seminaret og send inn søknad om få delta.

                 ____________________________________________________________________________

             smalahovegilde i rotary voss

                  Onsdag 25. oktober vart det tradisjonsrike smalahovegildet til Voss Rotary                            Klubb arrangert.  Les meir her...


                                                                                                                                                                           ______________________________________________________________________________      

           rotary voss vitja krigsmuseet til david gjøstein.  

                Les meir. Klikk her.


             

             _____________________________________________________________________________________________________________________________            

             KNUT GJERTSEN (92) HELDt FOREDRAG OM si tid i Milorg.

 
                 Les den interessante historien: Klikk her.



          

                _____________________________________________________________________________

           Round-trip - ungdomar frå 10 ulike land vitja voss rotary klubb


                 23.-24. august 2017 hadde Voss Rotary Klubb besøk av ungdomar frå 10                       ulike land.
 
                 Dei 10 Ungdomane kom frå England, Romania, Taiwan, Kroatia, Tsjekkia,                     Italia, Ungarn, Tyskland, Slovakia og Nederland.  
                Alle var i alderen 17-22 år. Dei var innkvartert hjå seks Rotarymedlemer.

                 Les meir om besøket under menyvalet UNGDOM


                  _____________________________________________________________________________________

             Grindbygg - lotteriet 2017

                   I 2017 gjennomførte Voss Rotary Klubb eit lotteri der eit                            grindbygg var gevinsten.  
                   Lotteriet vart ein suksess som du kan lesa meir om under                          PROSJEKT.




 

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Fleischer's Hotel
Adresse: Evangervegen 13
Postnummer: 5700
Sted: Voss
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 18:30:00
Møtespråk: no

Rotarymøte på Fleischer's Hotel
16. sep. 2020, 18.30 - 19.30

Program: Referat frå komitèmøter 3-minutters inn ...

Les mer



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

NORFO - Rotary RSS

District - Rotary RSS