KLUBBEN / OM VOSS ROTARY KLUBB


Voss Rotaryklubb ble stiftet i 1955. Pr. 1. juli 2023 har klubben 42 medlemmer. Astrid Kløve-Graue utnevnt til æresmedlemmer i klubben. Medlemmene presenterer et bredt spekter når det gjelder alder, yrker og erfaring. Vi synes det er spennende å være  en del av et fellesskap, hvor det samles så mye  liv og arbeidserfaring. Men også det gode kameratskapet og det å jobbe for felles mål  er givende for oss alle. Klubben har møter annenhver onsdag kveld med interessante  temaer og besøk hos bedrifter og organisasjoner mm.    

 OM voss rotaryKLUBB

Tekst: Reidar Reime

Rotary-rørsla er internasjonal og starta i USA. Charterbrevet til Voss Rotaryklubb fortel at klubben på Voss vart chartra 18. april 1955, og det var Bergen Rotaryklubb som var fadderklubb. Det var den 10. klubben i distrikt 2250 og hadde 22 medlemmer. Den første presidenten var overlækjar Rolf  Ringdal. Men allereie 6. januar 1955 vart det første møtet halde med 16 personar.
 
Medlemstalet vaks til 71  i rotaryåret 1989/90 som er det høgaste medlemstalet klubben har hatt. Sidan har det minka til 36 i 2017, av dei 8 kvinner. Totalt har 198 personar vore medlemer, av desse 18  kvinner. Klubben har hatt 3 æresmedlemer som alle diverre er gått bort.
Klubben har hatt 2 distriktsguvernørar, Lauritz Myklebust (1989-90) og Astrid Kløve-Graue (2007-08). Ho var også den første kvinnelege guvernøren i  Distrikt 2250. 
Då klubben var 50 år, vart det laga ei jubileumsbok på 140 sider som fortel soga til klubben og Voss Inner Wheel, og noko om næringslivet på Voss.
 
Klubben har i alle år vektlagt klubbarbeidet, med gode og interessante møte, både med eksterne og eigne foredragshaldarar for å fanga opp kva som rører seg i nærmiljøet og i den store verda. Bedriftsvitjingar har vore ein god måte for å læra bygda å kjenna.  
Hjelpe- og støttearbeid både i eige nærmiljø og internasjonalt har gjennom alle år stått sentralt. Det ligg i Rotaryånda  sidan det er ein internasjonal klubb. Klubben har i dei siste 30 åra ved ulike arrangement samla inn og gjeve om lag 1,1 mill. kroner til lokale- og internasjonale formål.
 
Nærområdet:
Økonomisk stønad til innkjøp av alarmtelefonar, spesialmadrasser til sjukehuset og mindre summar til ymse lag og organisasjonar. Innlesing av lokalavisa «Hordaland» på kassett til blinde og svaksynte, trykking av songhefte med stor skrift. Kjøpt flygel til Voss kyrkje. 
Yrkesrettleiing til elevar i vidaregåande- og grunnskule.
Kunstnarstipend er utdelt til 16 ungdomar i ulike greiner. Midlane vart skaffa til vege frå julekonsertar i Voss kyrkje som klubben hadde i mange år på 1990-talet og tidleg 2000. 
I mange år tok medlemene dei eldre på gamleheimane med på biltur. No har klubben fast vitjing på dei 3 alders- og omsorgsinstitusjonane i bygda kvar vår med kaker, litt underhaldning og song/musikk. I melsdagane vitjar me Sjukeheimen med same programmet.
 
Voss Rotaryklubb skipa til Miljødagane med mange arrangement med fokus på miljø og  underhaldning som «Gå i Vangsen»  i åra 1991 til 1995. Dei mange og gode «Gjenkjøpsmarknaden»  med sal av diverse innsamla gjenstandar gav gode inntekter som vart nytta til humanitære formål.
Det siste i 2017 var «Grindbygg-lotteriet» der noko av overskotet vart brukt som stønad til bygging av nytt Badeanlegg.
 
Rotaryåret 2006-07 delte klubben ut eit «Etablerarstipend» på kr 50 000.
«Vegvisaren for Voss kommune» var ei bok klubben gav ut 2 gonger, 1996 og 2000. Den gav ei samla oversikt over ulike tilbod i kommunen, frivillige lag og organisasjonar og over kommunale og statlege organ og organisasjonar på Voss. 
Boka «Minnesmerke, skulpturar og relieff i Voss kommune» vart ein suksess. 

Klubben har hatt fleire deltakarar på RYLA som er ei helgesamling for unge leiarar. Ein vossing har fått Georgia-stipend som er eit årsstudium i USA. 
Totalt har klubben sendt ut  9 ungdomar på Ungdomsutveksling, 4 til USA og 5 til Australia. Dvs. at me har vore vertskap for 9 ungdomar 1 år frå dei same landa. 10 ungdomar frå Voss har vore med på ungdomsleirar i andre land. Og 4 har vore med som deltakar i GSE-team.
 
Internasjonalt:
Voss Rotaryklubb har delteke i mange internasjonale hjelpeprogram.
 
Madagaskar-prosjektet: Starta 1989. Her deltok klubben med økonomisk stønad til bygging av små hus til pasientane ved eit leprasjukehus, og innkjøp av jordeigedomar m.m. Gav stønad til jordbruksutdanning for ein lærar slik at pasientane fekk opplæring i dyrking av jorda. Klubben samla inn kr 81 000 (Miljødagar og første julekonsert). Saman med tilskot frå RI vart ein sjekk på kr 106 740 gjeve til prosjektet.
 
Litauen-prosjektet: Hjelp for å betra livsvilkåra for menneska i Litauen, og spesielt dei som hadde vorte utsette for strålingsskader etter Tsjernobyl-ulykka. Voss RK. tok på seg å organisera ei innsamling, og vende seg til om lag 300 klubbar i Noreg, 47 klubbar vart med. Totalt vart det samla inn kr 92 255, og med tilskot frå RI vart beløpet kr 186 000 brukt til innkjøp av medisinsk utstyr til eit sjukehus i Vilnius. Sidan utstyret vart innkjøpt i Litauen fekk dei mykje for pengane.


Polio Plus: Her deltok Voss RK. i det verdsomfattande hjelpeprogrammet. Den 1. juni 1988 kunne klubben gje ein sjekk på kr 108 698 til formannen i landskomiteen, Alf R. Bjerke. Klubben sitt eige bidrag var på kr 58 000. Resten var gåver frå næringslivet og andre organisasjonar. Vår klubb var den som gav mest i vårt distrikt, og i landet var det berre Oslo RK. som samla inn meir.

Ghana-prosjektet: Saman med Dale RK er vi med på eit prosjekt som gjev stønad til utdanning for born/ungdom i Ghana.
 
Nigeria: Her har klubben gjeve stønad til utdanning og utstyr saman med Odda RK. Frøydis Syslak har vore med på poliovaksinering.
I dei seinare åra har klubben også støtta andre hjelpeprogram ved å kjøpa Shelterboksar, og stønad til Polio Plus.

Round Trip: 4 gonger har klubben vore vertskap for grupper med ungdom, og i alt 74  ungdomar har vore våre gjester på Voss.

GSE og SVE: 15 grupper har gjesta Voss under dette programmet. Deltakarane har kome frå fleire land: USA, Australia, India, Brasil, Zimbabwe, Tyrkia og Nigeria.

Voss, 30. oktober 2017.


Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Idrottshuset
Adresse: På Idrettsplassen
Postnummer: 5700
Sted: Voss
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 18:30
Møtespråk: no
Møtedetaljer: Møtedag annakvar onsdag.

Plasser innhold her

Møtearkiv fra
før August 2022



roterende lenker

Nyheter fra
Rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Distrikt - Rotary RSS