Klubben med stand på Smalahovesleppet

.Voss Rotaryklubb med stand på Smalahovesleppet.

Lørdag 3. oktober vart Smalahovesleppet arrangert på Voss. Då blir Vangsgata stengd for biltrafikk og gata blir fyllt med stands og andre aktivitetar.
Voss Rotaryklubb deltok i år for fyrste gong med stand for å informera publikum kva Rotary står for og jobbar med. Klubben har laga ein heilt ny brosjyrefolder som vart flittig delt ut.

Mange gode samtalar med folk som kom innom standen og fekk informasjon om Rotary og klubben på Voss.
Me hadde også utstilt ein Shelterbox og brosjyrer om polio, ungdomsutveksling og RYLA vart delt ut.
Dessverre var ikkje været noko å skryta av, men dei 8 medlemane som stod på standen gjekk heim med ein god føleslse etter denne dagen.

Sjå fleire bilete på Facebook: Voss Rotaryklubb



Foto: Kjell Erik Herheim og Odd Henry Hommedal


 
Besøk frå Kenya

18. september 2025

Besøk frå Kenya

Utlodding av reiskapsbu (Avslutta)

5. mai 2025

Utlodding av reiskapsbu (Avslutta)

Utloddinga er avslutt og vinnaren er kåra.

Rotary Youth Leadership Award (Gjennomført)

25. mars 2025

Rotary Youth Leadership Award (Gjennomført)

Nytt RYLA-kurs hausten 2026. Påmeldingsfrist 31. mai 2026.

Jolamøte med underhaldning

21. desember 2024

Jolamøte med underhaldning

Ukraina Freedom Convoys

5. desember 2024

Ukraina Freedom Convoys