70-års jubilèum, Presidentskifte og Sommarfest

.

70 års-jubilèum, Presidentskifte og Sommarfest.

Voss Rotaryklubb runda 70 år 15. april og dette vart markert på årets sommarfest, som vart arrangert 18. juni på Smalahovetunet. Over 40 gjester deltok og deriblant President i Bergen Rotaryklubb Ragna Sofie Moe og Dico Frank Strand. Bergen Rotaryklubb er vår fadderklubb.
Kvelden starta med den tradisjonelle hesteskokastingkonkurransen i pøsande regnvær. Trass i været fekk konkurranse-sjef Ola Folkestad gjennomført konkurransen som planlagt. Jostein Rørlien gjekk av med seieren i medlemsklassen og Brit Folkestad vann gjesteklassen.
Arne Viste spelte som vanleg inntil songane og han hadde også eit flott ekstranummer.
Odd D. Kløve heldt helsingstale til klubben i høve 70 års jubilèet, der han i korte trekk gjekk gjennom klubben sin historie og aktivitetar.
I samband med sommarfesten vart det tatt opp tre nye medlemar: Trygve Dugstad, Geir Fuglehaug og Arvid Børve. Leiar i Medlemskomitèen Kjell Herheim presenterte dei nye og informerte om Rotary sin historie m.v.
Kjell Herheim gav eit kunstverk til klubben i høve jubilèet, som vart lodda ut og vinnar vart Geir Fuglehaug.
President i Bergen Rotaryklubb Ragna Sofie Moe takka for invitasjonen og helsa frå fadderklubben.
Kvelden vart avslutta med Presidentskifte der avtroppande President Mehdi Kharazmi overleverte presidentkjedet til vår nye President Lars Bjørn Humlebrekke.
Fest-samankoma vart leiar av Åse-Karin Tennebekk som er sjefen for Arrangementkomitèen.