Summer Camp


Rotary ungdommar på SommarCamp

Onsdag 12. august fekk Voss Rotaryklubb besøk av 12 ungdommar frå Europa og Asia, alle i alderen 18 til 20 år.

Ungdommane var ei veke i Bergensområdet, og eine dagen kom dei med tog til Voss. Her var det besøk hjå Voss Vind, der dei seks jentene og seks gutane fekk prøve vindtunnelen. Dette var ein ny opplevelse for alle, og som mange sa, ein kjekk og strålande opplevelse.

Etter nokre timar i vindtunnelen bar det vidare til Voss Resort og tur opp med gondolen. På Hanguren vart det spasertur rundt om i område, og mange prøvde huskestativet. Her var det kø i lag med andre reisande. Så bar det inn i restauranten der ein fekk servert pizza og drikke. Ungdommane fekk og informasjon om Vossabygda. Dei fekk òg mykje Vossareklame som T-skjorter, panneband, caps, pins og ein norsk ostehøvel, noko som var noko nytt for dei fleste.

Nede att på Vangen ville gjestane ein tur inn i kyrkja, og ein spasertur i Vangsgata. På ettermiddagen reiste dei attende med tog til Bergen.

Frå Voss Rotary var me fem medlemmer som stilte opp for denne dagsturen på Voss.

For å gjennomføre opplegget på Voss, fekk Voss Rotary økonomisk støtte frå næringslivet på Voss.

Voss Rotaryklubb vil takka Vekselbanken som hovudsponsor, Flage Maskin, Voss Sparebank, Bjørvik suvenirproduksjon i Aldalen, Hans Engelsen Eide, Voss Resort, Visit Voss, Voss herad og Brukt`n for støtte til eit vellukka Vossabesøk.

Stor takk til desse sponsorane som støtta Voss Rotaryklubb slik at me kunne motta desse ungdommane til Vossabesøk.

Asbjørn Løno, 
President i Voss Rotaryklubb.

Sjå fleire bilete på Facebook "Voss Rotaryklubb"

Vekselbanken var houvudsponsor (klikk her)



 
Summer Camp

18. september 2026

Summer Camp

Besøk hjå Elva Hotel

14. april 2026

Besøk hjå Elva Hotel

Informasjon om Bane Nor

19. oktober 2025

Informasjon om Bane Nor

v/Steffen Rykkje Stabæk

Besøk frå Kenya

18. september 2025

Besøk frå Kenya