UNGDOM / ROUND TRIP


ROUND TRIP - UNGDOMMAR FRÅ 10 ULIKE LAND VITJA VOSS ROTARY KLUBB

  
Foto: Odd Henry Hommedal

   

ROUNDTRIP 23-24. AUGUST 2017 

Onsdag 23.08

Dei 10 Ungdomane kom frå England, Romania, Taiwan, Kroatia, Tsjekkia, Italia, Ungarn, Tyskland, Slovakia og Nederland.                 Alle var i alderen 17-22 år. Dei var innkvartert hjå seks Rotarymedlemer. (Dei andre stadene overnatta ungdomane på hotell.)              Vi henta ungdomane på busstasjonen kl 11.40. Dei kom frå Norheimsund.

Program på engelsk for desse to dagane vart delt ut, samt ei bok om aktivitetar/ sjåverdige stader på Voss. Vi køyrde ungdomane heim så dei fekk installere seg og legge frå seg bagasjen.

Så møttest vi til god suppelunsj på Vandrarheimen. Kjell Herheim leia samlinga her. Deretter bar det til Bordalsgjelet. Kjell  orienterte på engelsk. Ungdomane syntest det var ein flott og spennande stad å besøkje.  Så reiste vi heim for å gjere oss klar til grillfest på Tvildemoen kl 18.30. 

På Tvildemoen var det hesteskokasting, grillmat, kake og kaffi.  Odd Henry Hommedal  leia samlinga og ynskte velkomen på 10 ulike språk.  Hesteskokasting vart leia av av Audun Lødemel, med Kjell Herheim som assistent.  Ivar Geitle stod for grillinga og på kjøkkenet var Gerd Gjelland Rogneby sjef. 

Hollie frå England vann hestesko-turneringa og fekk T-skjorte  frå Destinasjon Voss i premie. Festen vart avslutta kl 21.30.

 Torsdag 24.08

Etter frokost møttest vi kl 10 i Klatreparken til Voss Active i Årsbrekkegjelet. Dette var svært populært hjå ungdomane! Alle hadde to rundar i to ulike løyper.

Kl 14.00 var det lunsj og omvising på Mølstertunet - inne og ute. Dei fekk prøve skiferskanting og å gå på stylter. Det såg ut som dei verkeleg kosa seg! J J

Vi køyrde dei til stasjonen til avreise kl 16.37. Neste dag skulle dei til klubben i Arna.

 Eit kjekt og vellukka besøk!

Odrun V., ref.

Alle bilete nedanfor:  Kjell Herheim

   
     

  

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Idrottshuset
Adresse: På Idrettsplassen
Postnummer: 5700
Sted: Voss
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 18:30
Møtespråk: no
Møtedetaljer: Møtedag annakvar onsdag.

Plasser innhold her

Møtearkiv fra
før August 2022



roterende lenker

Nyheter fra
Rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Distrikt - Rotary RSS