Velkomen til Voss Rotary Klubb sine heimesider

Voss Rotary Klubb vart skipa i 1955.  Pr. 10. oktober har klubben 35 medlemar.  Medlemane  reprenterer  eit breidt spekter når det gjeld alder, yrker og erfaring.  Vi opplever det spanande å vera ein del av eit fellesskap, der det er samla så mykje livs- og yrkeserfaring. Men også det gode kameratskapet og å arbeida for felles mål er  givande for oss alle.  Klubben har møter kvar onsdag kveld med interessante tema og besøk hjå bedrifter og organisasjoner osv.                        **************************************************************************************************************************

Distriktkonferansen for D2250 vart halden på Voss 5.-7. oktober.

Årets distriktkonferanse for Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane Rotaryklubbar (D2250) vart halden på Fleischer's Hotel 5.-7. oktober. Frå Voss Rotaryklubb deltok President, sekretær og Leiar i Medlemskomiteen på konferansen. Det var mange gode foredragshaldarar og gode innlegg. M.a. hadde tidlegare statminister Kjell Magne Bondevik eit interessant foredrag.


Foto: Per Ove Askeland.

***************************************************************************************************************************

Opptak av ny medlem og guvenørbesøk  

På møtet 26. september var det opptak av ny medlem i Voss Rotaryklubb. Me ynskjer velkomen som medlem av klubben og vonar han vil trivast som Rotarianer. Distriktsguvenør Arild Dale og Ass. guvenør Ingunn B. Hansen var også på besøk på dette møtet. Begge heldt eit innlegg og rosa klubben vår for godt arbeid. Gerd hadde feira jubileeum og fekk overlevert blomehelsing.

Foto: Kjell Herheim

*****************************************************************************************************************************

PRESIDENTSKIFTE, HESTESKOKASTING OG GRILLFEST.

20. juni vart møtesesongen 2017-2018 avslutta med grillfest, hestskokasting og Presidentskifte på Tvildemoen.

I hestskokasting-tevlinga, som vart leia av Ola Folkestad, var det to klassar. I klassen for gjester vart vinnaren Kari Bryn og i medlemsklassen gjekk Knut Sæten av med sigeren. Festkomiteen diska opp med god grillmat med tilbehør og god drikke av ymse slag. 

Avtroppande President Ragnar Aronsen takka for året som var gått og syntest det hadde vore kjekt å få bidra med utdeling av pengar til gode formål. Det flotte grindbygglotteriet hadde mogeleg gjort dette. Han overrekte presidentkjedet til påtroppande President Odd Henry Hommedal.  Odd ynskte å bruka årets motto "Be the inspiration" som eit utgangspunkt for komande år. Eit mål blir å gjera Rotary sitt formål og arbeid meir kjent og synleg i bygda.

**************************************************************************************************************************

Sveinung Klyve vitja voss rotaryklubb med interessant foredrag og flotte bilete.

Onsdag 23. mai hadde me besøk av Sveinung Klyve. Han viste mange flotte bilete frå naturen og dyrelivet både i inn og utland.

Les meir under Møter.






____________________________________________________________________________________

Vossingar på rotarymøte i frankrike

Onsdag 25. april var Rotarymedlemar frå Voss på besøk til Rotaryklubben i Menton i Frankrike. Dei deltok på møtet på Hotel Napoleon. 
Les meir om dette under Møtereferat.


____________________________________________________________________________________________________________________

sverre leiro - frå jord til bord

På møtet 9. mai hadde me besøk av tidlegare leiar i Norgesgruppen Sverre Leiro. Han heldt eit engasjerande foredrag om daglegvarehandelen i Norge.

Les meir under Møter.




___________________________________________________________________________________________

voss rotary klubb vitja "avisa Hordaland"

Onsdag 18. april var Voss Rotary klubb inviterte til "Avisa Hordaland".  

Astrid Kløve-Graue, som er mangeårig Rotary medlem, tok imot oss og orienterte om avisa sin historie. Deretter vart det omvising i trykkeriet og rekasjonen  og  informasjon om dagens avisdrift. 

Møtet vart avslutta med kaffi og wienerbrød. 


Les meir om besøket under Møter.



___________________________________________________________________________________________

onsdag 25. april vitja voss rotaryklubb aldersheimane på voss.

Tradisjonen tru vitja Voss Rotary klubb alderheimane på Voss i april. Hagahaugen (Evanger aldersheim), Vossestrand Omsorgstun og Vetleflaten Omsorgsenter fekk besøk av klubben sine medlemar. Klubben hadde med blautkake og musikantar. 

Sjå bilete frå besøket på Vossestrand Omsorgstun her.

____________________________________________________________________________________________

Fylkesmann Lars Sponheim vitja voss rotaryklubb.

På Voss Rotaryklubb sitt møte 11. april hadde me besøk av Fylkesmann Lars Sponheim. Tittelen på foredraget hans var "Utviklinga i Indre strøk av Hordaland". Han fortalde først om Fylkesmannen si rolle og oppgåver, før han kom inn på kommune og fylkessamanslåing. Sponheim sitt syn på utviklinga i indre strøk av Hordaland var svært interessant.

Les meir om foredraget hans under Møter.



---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

rotarymøtet 21. mars handla om boka "sapiens" av Yuval Noah Harari. 

Knut Gjertsen innleia, refererte og filosoferte over temaet i boka, og det vart ein god diskusjon om boka og temaet.

Klikk her og les referatet frå møtet som du også finn under Møter.

Her kan du lesa anmelding av boka i VG: Klikk her




-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Lokalsoge var temaet i foredraget som nils dagestad heldt på rotarymøtet 14. mars. 

Les referat frå foredraget her.

80 års jubilanten brynjulv kvamme fekk blomar av rotary president ragnar aronsen.






_________________________________________________________________________________________________________________________


Pets vart arrangert på Fleischer's Hotel 2.-4. mars.

PETS (Presidents Elect Training Seminar. Treningsseminar for innkommande) vart arrangert på Fleischer's Hotel 2.-4. mars. Innkomande president og Sekretær frå Voss Rotary Klubb deltok på heile seminaret.  I alt var det 95 deltakarar på seminaret, frå Distrikt 2250 som er Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Det var eit interessant seminar med mange gode foredraghaldarar og spanande tema. Referat frå seminaret blir gjennomgått på medlemsmøter i løpet av våren.

Programmet for seminaret finn du under Møter. Klikk her.

___________________________________________________________________________________________

Sokneprest Kjersti Brakestad Boge held foredraget "luther og kvinnene".

På medlemsmøtet 28. februar heldt Sokneprest Kjersti Brakestad Boge foredrag om Luther og Kvinnene. Eit interessant foredrag som  truleg var nytt og spanande stoff for dei fleste av medlemane. Les referat om foredraget under "Møter".  

I desember i fjor heldt Brakestad Boge det same foredraget på Litteraturhuset i Bergen. Foredraget vart filma og ligg tilgjengeleg på Youtube. 

Du kan sjå foredrag om du klikkar Her.

 ________________________________________________________________________________________________________________________

 Ny bygdebok for for voss

Eirik Helleve og Åsmund Ohnstad fortalde på møtet 14. februar om den nye bygdeboka for Voss. 

Eirik Helleve, som er medlem i Voss Bygdebok nemnd, innleia med eit tilbakeblikk på skipinga av Voss Sogelag og arbeidet med å få til bygdebok for Voss.  Dette resulterte i Lars Kindem sine bøker på 1930-talet.  Han informerte om at desse bøkene fyrst og framst var gardssoger, medan ættesoge delen var nokså tynn. Åsmund Ohnstad er redaktør for den nye boka og fortalde om arbeidet med å laga 1. bindet av boka og korleis arbeidet med dei neste tre binda er lagt opp.

Les meir under menyfanen Møter. Klikk her.


____________________________________________________________________________________________

gunnar schei: framandkrigarar i den spanske borgarkrigen.

På møtet onsdag 7. februar 2018 held Gunnar Schei foredrag om framandkrigarar i den spanske borgarkrigen.

Gunnar  Schei innleidde med å greie ut om bakgrunnen for den spanske borgarkrigen, der opprørarane under leiing av general Franco nedkjempa regjeringsstyrkane og overtok makta i Spania.  Krigen varte frå 1936 til 1939.

Les meir under menyen møter. Klikk her.

___________________________________________________________________________________________

Voss rotaryklubb på tur til Nepal med Marit og Per Helleve.

I 2015 var Marit og Per Helleve på tur til Nepal og på møtet 13. desember fortalde dei om turen og opplevingane dei hadde på  rundturen i landet.  Les meir om foredraget deira og sjå bilete.    Klikk her.





              
     
        
___________________________________________________________________________________________

Voss Rotaryklubb vitja "Dale of Norway" på dale. 

Rotary møtet onsdag 6. desember var lagt til Dale og besøk hjå Dale of Norway. Her fekk me iformasjon om verksemda med historisk tilbakeblikk. Me fekk omvisning i fabrikklokala og  butikken vart opna for hyggeleg jolegåvehandel.

Les meir og sjå bilete. Klikk her.

                      _


___________________________________________________________________________________________  

BEDRIFTSBESØK HJÅ GJERALDSTVEIT MEKANISKE AS

Onsdag 15. november  var Voss Rotary Klubb på bedriftsbesøk hjå Gjeraldstveit Mekaniske AS.

Leis meir om besøket under MØTER.





                    

  __________________________________________________________________________________________

 distriktsguvenør christin Sagen landmark på vossabesøk

        

  Rotarymøtet på Fleischers Hotell 8. nov. var ei sammøte med Dale Rotary Klubb og me hadde besøk av Distriktsguvenør  Christin Sagen Landmark og Assisterande Distriktsguvenør Ingunn B. Hansen. 

  Les meir og sjå bilete. Klikk her.


                                                                                     President i Voss Rotary Klubb                                                                                         Ragnar Aronsen og                                                                                                             Distriktsguvenør Christin                                                                                                 Sagen  Landmark.

                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                            Foto: Kjell Erik Herheim

                 ____________________________________________________________________________________

           voss rotary klubb vitja vossabadet.

                Les møtereferat og sjå bilete. Klikk her.


           

           _______________________________________________________________________________________________________________           

           ROTARYS LEIARSEMINAR FOR UNGDOM - 19-24 ÅR.  SØKNADSFRIST                                                               1. DESEMBER.  ROTARY YOUTH LEADERSHIP AWARD (RYLA)

                "har du det som trengs for å bli en dynamisk leder og forandre ikke bare deg selv,                     men verden ?"
                Les meir om seminaret og send inn søknad om få delta.

                 ____________________________________________________________________________

             smalahovegilde i rotary voss

                  Onsdag 25. oktober vart det tradisjonsrike smalahovegildet til Voss Rotary                            Klubb arrangert.  Les meir her...


                                                                                                                                                                           ______________________________________________________________________________      

           rotary voss vitja krigsmuseet til david gjøstein.  

                Les meir. Klikk her.


             

             _____________________________________________________________________________________________________________________________            

             KNUT GJERTSEN (92) HELDt FOREDRAG OM si tid i Milorg.

 
                 Les den interessante historien: Klikk her.



          

                _____________________________________________________________________________

           Round-trip - ungdomar frå 10 ulike land vitja voss rotary klubb


                 23.-24. august 2017 hadde Voss Rotary Klubb besøk av ungdomar frå 10                       ulike land.
 
                 Dei 10 Ungdomane kom frå England, Romania, Taiwan, Kroatia, Tsjekkia,                     Italia, Ungarn, Tyskland, Slovakia og Nederland.  
                Alle var i alderen 17-22 år. Dei var innkvartert hjå seks Rotarymedlemer.

                 Les meir om besøket under menyvalet UNGDOM


                  _____________________________________________________________________________________

             Grindbygg - lotteriet 2017

                   I 2017 gjennomførte Voss Rotary Klubb eit lotteri der eit                            grindbygg var gevinsten.  
                   Lotteriet vart ein suksess som du kan lesa meir om under                          PROSJEKT.




 

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Fleischer's Hotel
Adresse: Evangervegen 13
Postnummer: 5700
Sted: Voss
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 18:30:00
Møtespråk: no

Rotary møte på Fleischer's Hotel
24. okt. 2018, 18.30

Utbygginga på Fleischer's v/Alette

Les mer



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

NORFO - Rotary RSS

Loading RSS...

District - Rotary RSS

Loading RSS...