Rotarymøte 23.05.2018
Tekst: Ragnar Aronsen
Sveinung Klyve, miljøvernrådgjevar i Vaksdal kommune - Naturbilete
Han innleia med bilete av gaupa som var felt på Voss i vinter. Han kunne opplyse at den hadde levd på Voss i 3 år – og han meinte sjølv at det ikkje ville vere noko problem om me hadde gaupe fast i Vossanaturen.
Vidare viste han mange bilete frå tiurleik
i Herresåsen og snakka varmt om freding av leikområdet i spelsesongen frå
midten av april til midt i mai. Han meiner
at trakking av skiløypa og bruk av skiløypa forbi tiurleiken bør stansast for å
skjerma leiken som er den største i Hordaland.
Elles viste han turbilete frå Vossafjella og frå siste års 17.mai feiring på Finse med tur på Hardangerjøkelen.
Han gav oss eit entusiastisk og medrivande foredrag som kunne inspirere nokon kvar til å ta beina eller skia fatt for å oppleva den fantastiske naturen vi har rundt oss i nærområdet frå Finse til Vaksdal.