smalahovegilde i voss rotary klubb.

det tradisjonsrike smalahovegildet i voss rotary klubb vart arrangert 25. oktober 2017.

Tekst: Odd Henry Hommedal
Alle foto: Kjell Erik Herheim

Tradisjonen tru vart det også i år laga til smalahovefest i Voss Rotary Klubb. Festkomiteen hadde dekka bordet i nydelege haustfargar. Dei hadde kokt smalahove med tilbehør og steikt lappar og laga kaffi i mange timar før festdeltakarane kom.  Baren var open for servering av drikke for alle sine ynskjer og behov.

Over 30 personar møtte fram og fekk servert rykande varme og gode smalahove, kålrabistappe og poteter,  etterfylgt av lappar og kaffi.

Knut Sæten leia bordsæta med stø hand og var forsangar for alle songane i sangheftet, der mange av songane var forfatta av vår eigen husdiktar Ola Folkestad.  Odd Hagen var innleigd for taktera trekkspelet og han briljerte med taffelmusikk, akkompement til songane og eit par spesialnummer.

Knut spedde også på med mange gode sannsonger og mange av festdeltkarane fylgde opp med sannsoger om organisjonsstrategi, prestehistoriar og andre meir eller mindre  truverdige historiar.

       Gildet vart avslutta i sømeleg tid og gjestene gjekk heim, medan festkomiteen stod igjen med ryddejobben og oppvasken.

        Takk for ein hyggeleg kveld.


http://voss.rotary.no/file-manager/image/BILDER/P1130588.jpg?context=mosimg&mode=fit&width=270&height=180


Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Idrottshuset
Adresse: På Idrettsplassen
Postnummer: 5700
Sted: Voss
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 18:30
Møtespråk: no
Møtedetaljer: Møtedag annakvar onsdag.

Plasser innhold her

Møtearkiv fra
før August 2022



roterende lenker

Nyheter fra
Rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Distrikt - Rotary RSS