BLi med på tur til Nepal med Marit og Per Helleve.
Tekst: Ragnar Aronsen Alle foto: Marit og Per Helleve
Per Helleve og kona Marit viste bilete og fortalte frå reisa deira til Nepal i tida 21. februar til 6. mars 2015.
Per innleia med å fortelja ein del fakta om Nepal. Flateinnhald ca. 147.000 kvadratkilometer med innbyggartal på ca. 31 millionar. Landet har vore republikk sidan 2007, etter borgarkrig frå 1996. Nepal var tidlegare kongedømme. Hovudreligionen er Hinduisme. Omlag 83% er hinduar. Buddhisme ca. 5% og muslimar ca. 2,7%. Viktigaste område er Kathmandudalen som ligg på ca. 1.500 m.o.h. Hovudstaden Katmandu ligg omlag på same breiddegrad som Kario i Egypt. Elles har Nepal dei høgste fjella i verda med Mount Everest på 8.850 m.o.h. som det høgste. Men overraskande nok ligg låglandsområdet Terai berre ca. 100 m.o.h.
Marit og Per viste bilete frå Kathmandu, frå folkelivet og buforhold i byen og frå reisa frå Kathmandu til låglandet ved Butwal og vidare til Pokhara og tilbake til Kathmandu.
Særskilt sterkt inntrykk gjorde bilete av likbål og stader for likbrenning langs Gardsplass i Gamlebyen med eit eldre ektepar elva ved byen.
Inntrykket vi sit igjen med er at landet er prega av mykje erosjon, at folket utnyttar kvinneleg arbeidskraft i kroppsarbeid og at ein stor del av folket lever svært fattigsleg. Nepal er eit av verdas fattigaste land med store vasskraftressurser og norsk vasskraftingeniørar har arbeidd mykje i landet. Marit og Per legg til at respekten for dei som er ute og driv hjepearbeid, misjonærer og andre ikkje har vorte mindre etter turen.
Opphaldet i landet vart forlenga med tre dagar fordi eit fly hadde køyrt utfor rullebanen på flyplassen og det tok si tid å få rydda det av vegen slik at andre fly kunne landa og ta av.
Fulmaya driv gardsturisme på landsbygda. Ho hadde fått tilskot frå Rotary i Katmandu. Fulmaya med mor og svigermor.
Tempelområde med likbrenningsplass og offerplassar/alter. Landskap frå byen Tansen. Hiduistane brenn alle. Buddistane kan både brenna, gravleggja og dela opp liket å leggja til Gribbane.
Frå Pokara. Utsikt mot Himalaya.
Nasjonalkledde born i marknadsgata i Tansen.
Gamlebyen Katmandu og "Holy-day" Festival. Frå taket på hotell "Everest" der me var dei 3 dagane på "overtid".