Åsmund Ohnstad og Eirik Helleve: Ny bygdebok for Voss. Band 1.

På Rotary møtet 14. februar 2018 heldt Helleve og Ohnstad foredrag om den nye bygdeboka for Voss Sokn.

Eirik Helleve, som medlem i Voss Bygdebok nemnd, innleia med eit tilbakeblikk på skipinga av Voss Sogelag og arbeidet med å få til ei bygdebok for Voss.  Lars Kindem skreiv bygdebøker på 1930-talet.  Han informerte om at desse bøkene fyrst og framst var gardssoger, medan ættesoge delen var nokså tynn.

Vidare gjorde han greie for korleis Evanger og Vossestrand har fått til sine bygdebøker og at det no var Voss sokn sin tur.  Elles orienterte han om korleis Sogelaget opp gjennom åra har greidd å gi ut lokalsoge hefte og i seinare tid bøker om Gamalt frå Voss.  

Deretter var det Åsmund Ohnstad sin tur. Han gjorde greie for korleis dei med utgangspunkt i Kindem sine bøker og i kjelder frå kyrkjebøker og folketeljingar tok sikte på å gi ut bygdebøker med gards- og ættesoger med start rundt år 1700 og fram til i dag.

Han gjorde greie for innsamlingsmetodikken med spørjeskjema som er nytta for å skaffe informasjon om tida etter siste tilgjengelege folketeljing.  Vidare gjorde han greie for kva for gardsnr. det fyrste bandet dekkjer,  frå grensa mot Evanger  austover mot Finne.  Seinare band vil ta for seg gardane aust for Vossevangen, Bordsterondi og Raundalen og sørsida av Vangsvatnet. 

Han kunne opplyse at inntil vidare har dei utsett å avgjere korleis dei vil dekkje sjølve tettstaden Vangen, då gardar som Ullestad, Lekve, Rongve og Haugo har fått svært mange bruksnr., og soleis vil utgjere eit stort arbeid å kartlegge på sama måte som dei har dekt gardane ue i bygda.

Dei fleste av bileta i boka er tatt av Svein Uluvund. Ein del av eldre oversiktsbilete er henta frå Widerø sin flyfoto. Gunnar Dagestad og Ola Folkestad i Voss kommune gjekk for mange år sidan inn for at kommunen skulle kjøpa inn desse bileta, og no kom dei til god nytte i samband med denne boka. Kjell Erik Herheim har gjort eit stort arbeid med å digitalisera, arkivera og oppdatera bileta.

Tekst: Ragnar Aronsen

Alle foto: Odd Henry Hommedal

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Idrottshuset
Adresse: På Idrettsplassen
Postnummer: 5700
Sted: Voss
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 18:30
Møtespråk: no
Møtedetaljer: Møtedag annakvar onsdag.

Plasser innhold her

Møtearkiv fra
før August 2022



roterende lenker

Nyheter fra
Rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Distrikt - Rotary RSS