vossingar på rotarymøte i frankrike

Anneli, Kjell og Ragnar deltok på Rotarymøte i Menton i Frankrike. Møtet vart halde på Hotel Napoleon 25. april kl 19:00.

Tekst: Ragnar Aronsen  Foto: Kjell Erik Herheim

Møtet starta presis med at ordstyraren, som var visepresidenten i presidentens fråver, slo hammaren i klokka.

Det blei gitt eit kort referat frå siste møte.  Deretter blei vi, som gjester, ynskte velkomne.
So var det lagssaker:

  1. Klubbens utsending til PETS refererte frå møtet: God mat, godt drikke, hyggelege folk og oppmoding til medlemsverving, særleg yngre.
  2. Komiteformannen for den årlege bilutstillinga som klubben i Menton arrangerer i veka etter Monaco Grand Prix - i slutten av mai, gjorde greie for førebuingar og avtaler som var på plass.
  3. Ein eldre medlem tok ordet og heldt eit langt innlegg der han talte varmt imot maset om at ein skulle rekruttere ungdom og kvinner 
  4. i Rotary.  Han var særs godt nøgd med tilstanden i klubben slik den var.
Møteleiar spurde kort om det var kommentarer, og klubba av den offisielle delen av møtet ca. kl. 19.30.
Deretter var det Radl.  D.v.s. møtedeltakarane kunne forsyne seg med den drinken dei hadde bestilt ved ankomst - eit glas vin, eit glas øl, ein pastis eller ein cognac el.l. og prate saman - ståande - medan det blei servert småbitar å bite i.
Under praten fekk vi vite at klubben i Menton f.t. hadde 56 medlemer. Ingen kvinner.  Deira viktigaste aktivitet kvart år var at dei arrangerer ei bilutstilling, som dei gjer netto ca. 20.000 EUR på.  Kontingenten i klubben er EUR 1.000 pr. år
Dei har 3 typer møte i månaden:  Eit slikt som vi var på, eit lunsjmøte og eit middagsmøte.  Møtekostnadane var dekt av kontingenten med unntak av middagsmøte, der dei betalte for ektefeller.
Drinken og praten tok slutt og rundt kl. 20.00 var dei fleste gått.





Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Idrottshuset
Adresse: På Idrettsplassen
Postnummer: 5700
Sted: Voss
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 18:30
Møtespråk: no
Møtedetaljer: Møtedag annakvar onsdag.

Plasser innhold her

Møtearkiv fra
før August 2022



roterende lenker

Nyheter fra
Rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Distrikt - Rotary RSS