SOKNEPREST KJERSTI BRAKESTAD BOGE HELD FOREDRAGET "LUTHER OG KVINNENE".

På medlemsmøtet 28. februar 2018 heldt Sokneprest Kjersti Brakestad Boge foredrag om Luther og Kvinnene. 

Luther levde i perioden 1483-1546. Tysk reformator og teolog utdanna ved universitetet i Erfurt, professor ved universitetet i Wittenberg. I 2017 var det 500 års jubileum for at Luther i 1517 slo opp dei 95 tesene/ læresetningane på kyrkjedøra i Wittenberg. Den katolske kyrkja si avlatslære mot skjærsilden var m.a. det han reagerte mot. Det var mykje død på denne tida grunna krig og pestar. Alle var redde for skjærsilden. Luther vart dødsdømd. (Biletet  til høgre er frå Wittenberg der det finst ei statue av Katharina von Bora)

Fleire kvinner markerte seg: Katarina von Bora, som var gift med Luther, Argula von Grumbach, som seinare vart kalla for «Kirchenmutter» i Tyskland, Elisabeth von Braunschweig…, Ursula Weida, Margareta von Treskow og Ingrid av Danmark, kongeleg ætta. Fleire av desse opna heimane sine for studentar, intellektuelle, flyktningar, heimlause etc. Fleire av kvinnene gjorde preiker, tok del i debattane, skreiv og brevveksla med universitet, m.a. Argula som skreiv 29 brev til universistetet i Ingolstadt. Desse vart spreidde i 29 000 eksemplar.

Hovudfokus under foredraget var korleis kvinnene under reformasjonen var med og reformerte både kristenliv og samfunnsliv. Dei var  sentrale under reformasjonen, men det står lite skreve om desse kvinnene i historiebøkene. Denne kunnskapen må leitast etter, og Kjersti fann denne m.a. i tyske bøker. Desse kvinnene la eit viktig grunnlag for vidare kvinnefrigjering framover. Mange av kvinnene var adelskvinner med posisjon, eller gifte med reformatorane, og hadde såleis kontakt dit makta sat.

Kvinnesynet i tidlegare tider var ganske ekstremt. Aristoteles meinte eit jentebarn var eit ufullendt gutefoster. I mellomalderen hadde kvinnene få rettar i forhold til mennene. Vart det født eit barn med skavankar, var det eit bevis for at kvinna var ei heks. Jentene/ kvinnene fekk ikkje skulegang, kunne ikkje gå på universitet, fekk ikkje lære latin, hadde ikkje eigedomsrett, kunne ikkje ha sjølvstendig ansvar verken for seg sjølv eller borna, men måtte ha verge om dei var åleine. Det rådde ei forakt for det verdslege, for kvinnene og for ekteskapet.

Luther var den fyrste som sa at alle menneske er likeverdige, og at frelsa kjem gjennom tru åleine. Skriftene til Luther vart trykte opp i 50-100 000 eksemplar både på latin og tysk. Luther omsette Bibelen til tysk. No kunne kvinner som hadde lært å lese, også lese Bibelen.

I 1545 vart det trusfridom. Før det var alle forplikta til å ha keisaren si tru. Særleg kvinner og bønder kunne reise seg etter det som endra seg gjennom reformasjonen.

 

Ref. Odrun V.V.


Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Idrottshuset
Adresse: På Idrettsplassen
Postnummer: 5700
Sted: Voss
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 18:30
Møtespråk: no
Møtedetaljer: Møtedag annakvar onsdag.

Plasser innhold her

Møtearkiv fra
før August 2022



roterende lenker

Nyheter fra
Rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Distrikt - Rotary RSS