Lokalsoge ved Nils  Dagestad.

Referent: Odrun Vellene Vevatne

Nils tok i hovudsak føre seg perioden tidleg 1800 tal – fram mot 1860. Soga starta med Knut, fødd på garden i 1772. Han flytte til Nord Norge. Etterkomarane skulle ha slektstemne og spurte om Nils kunne fortelje litt gards- og slektshistorie frå Voss

Nils tok utgangspunkt i si eiga gardshistorie på Grimastad, der den omtala Knut hadde greiner tilbake til Saue og Takla. Nils har m.a. brukt «Gamalt frå Voss» og Johannes Gjeraker si bok «Almennsoge» som kjelde, i tillegg til muntlege forteljingar. Denne Knut var kjend som ein god ryttar og hestekar.

På tidleg 1800-tal var det dårlege tider, med uår og svolt. Dårlege somrar og dårleg jord førte til at kornet ikkje modna fleire somrar på rad. Fylgjene etter Englandskrigen, avslutta i 1814, hadde store innverknader også i Norge. Blokadar i vest gjorde at Norge måtte få kornet sitt via Murmansk, skipa nedover kysten. Austlandet fekk kornet sitt frå aust, m.a. via Litauen. Ein del gardar hadde store utmarksområder. Mange bønder vart tvinga til å gje frå seg deler av dette i byte mot korn. Sylv og kjøt vart også bytt mot nokre kilo korn. Kornet kunne vere blanda med almebork og mose. Når dei kjøpte såkorn i Bergen slapp dei kanskje å betale, men måtte betale  med halvparten av avlinga dei fekk av kornet. Gjelda auka og mange svalt, både barn og vaksne. På nokre gardar kunne det vere harde kår, dette kunne utgjere opp til 1/3 av produksjonen på garden. Gardane vart også oppdelte fleire gonger, for at fleire skulle klare seg. Dei hjalp kvarandre så godt dei kunne.

Potetdyrkinga og opplæringa frå «potetpresten» Hans Nielsen Hauge (1771-1824), vart redninga for mange. Han hadde kunnskap og lærte bøndene om god dyrking å få meir ut av jorda. Folketalet auka. Den fyrste barnevaksinen (koppevaksinen - påbudt i 1810) hjalp også. H.N.Hauge starta 120 bedrifter rundt i landet. Etterlevningar til 60 av desse lever enno, m.a. møbelbedrifter på Sunnmøre (jmfr. bok av Ola Grytten). Skreppehandel og fehandel var viktige faktorar i dagleglivet.

I perioden frå rundt 1830 begynte nordmenn å utvandre – dei fleste til Amerika, der det skulle vere gode moglegheiter for å skaffe seg eit betre liv. Rundt ein million nordmenn utvandra fram til 1920. Nauda dreiv dei. Firma ordna ned informasjon og billettar. Nokre vart lurte. Mange vart lukkelege, men ikkje alle. Dei leid av heimlengt, vantrivsel og «præriesykje».. Ein båt vart send frå Norge for å hente heim dei som ville tilbake. Ingen ville reise heim……K

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Idrottshuset
Adresse: På Idrettsplassen
Postnummer: 5700
Sted: Voss
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 18:30
Møtespråk: no
Møtedetaljer: Møtedag annakvar onsdag.

Plasser innhold her

Møtearkiv fra
før August 2022



roterende lenker

Nyheter fra
Rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Distrikt - Rotary RSS