fylkesmann lars sponheim vitja voss rotaryklubb med foredraget "utviklinga i indre strøk av hordaland"


Rotarymøte 11.04.2018

Sponheim innleidde med å gjere greie for korleis Fykesmannen var ein del av statsstyringa i landet.

I utgangspunktet er landet styrt gjennom eit ministerstyre der kvar statsråd har ansvar for sitt område eller departement.  Regjeringsvedtak blir fatta av Kongen i statsråd, medan dei fleste avgjerder innan dei ulike departementa blir gjort innan departementet.

Fylkesmannsrollen utfører oppdrag på vegne av departementa innafor sitt avgrensa territorium (fylket).  Enkelte departement har eigne territoriale avdelingar som t.d. Statens Vegvesen, og NAV som følger fylkesgrensene. 

Men Fylkesmannen har rolla som klageinstans for vedtak frå kommunane og evt. også desse øvrige territoriale avdelingane.

Det medfører at Fylkesmannen i Hordaland har ca. 200 tilsette i Bergen der 60 er juristar. (Bergensarar og vestlendingar er ivrige klagarar, og Fylkesmannens klageavgjerder må vere juridisk haldbare.)

Fylkesmannen har også ein viss initiativplikt, d.v.s. rett til å påvirke utviklinga i fylket, sjølv om fylkeskommunen er pålagt å stimulere til næringsutvikling i fylket.

Frå 01.01.2020 blir Hordaland og Sogn og Fjordane eitt fylke: VESTLAND.

Fylkesmannsembetet for det nye fylket trer i kraft frå 01.01.2019 med hovudkontor i Leikanger der det f.t. er ca. 100 tilsette og med landbruksavdeling i Førde med eit 20-tals tilsette.

Fylkeskommunane arbeider f.t. med  samanslåinga og er meint å bli tillagt nye oppgåver.  Dette er enno ikkje klart, men ventast å avklarast hausten 2018. Dei vil får ein utvida og forsterka samfunnsutviklingsrolle.

Voss ligg 96 km frå Fylkesmannen sitt kontor i Bergen og 96 km frå Statens hus på Hermansverk (når Vikafjellsvegen er open), d.v.s «midt i smørauget».

Sjølv om det er ein ubalanse i folketalsutviklinga og busetjingsmønsteret i Hordaland med sterkast vekst på kysten og i Bergen, vil det vere mogleg for Voss å ta del i utviklinga og vekse til ein «by» med 20 – 30.000 innbyggarar.  Allereide i dag vurderer han  at Voss har ein «kritisk masse» som tilseier at Voss vil kunne vekse og trekkje til seg velutdanna menneske som vil kunne bidra i den framtidige forventa veksten i kunnskapsbasert tenesteyting.  Det vil berre vere viktig at Voss er ein»god stad å bu» - d.v.s. ein tettbygd stad med eit sentrum som fungerer både sosialt og næringsmessig.

Sponheim gav elles uttrykk for sterk skepsis til framtida for den tradisjonelle hotellnæringa med svært arbeidsintensiv drift.  Han meiner at kampen om arbeidskrafta blir viktig i framtida og at det blir dei kunnskapsbaserte arbeidsplassane som vil vinne.

Det blei stilt ein del spørsmål frå salen etter foredraget og Sponheim svarte utfyllande på dei fleste utan at han eigentleg gjekk særleg utanom dei temaene som han var innom i innleiingsforedraget.

Avslutningsvis fekk han overrekt  boka:  Vossestrand – Folk og landskap, som takk for eit interessant og engasjerande foredrag.

Tekst: Ragnar Aronsen

Foto: Odd Henry Hommedal

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Idrottshuset
Adresse: På Idrettsplassen
Postnummer: 5700
Sted: Voss
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 18:30
Møtespråk: no
Møtedetaljer: Møtedag annakvar onsdag.

Plasser innhold her

Møtearkiv fra
før August 2022



roterende lenker

Nyheter fra
Rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Distrikt - Rotary RSS