DISTRIKTSGUVENØR CHRISTIN SAGEN LANDMARK PÅ vossabesøk

Tekst: Ragnar Aronsen                                                                                            Foto: Kjell Erik Herheim

Rotarymøtet på Fleischers Hotell 8. nov. var ei sammøte med Dale                        Rotary Klubb. Me hadde besøk av Distriktsguvenør  Christin Sagen                    Landmark og Assisterande Distriktsguvenør Ingunn B. Hansen. 

Distriktsguvernør Christin Sagen Landmark heldt eit innlegg der ho informerte om Rotary generelt og om Rotary sine program.  Ho kunne fortelje at prosjektet «10.000 Happy Birthdays» no har skaffa lokale samarbeids- partnarar i Zambia og Malawi, slik at det no er under handsaming i RI i Evanston.

Ho opplyste at det er samla inn ca. kr 500.000 i distriktet.  International Grant frå RI vil dermed doble denne summen og frå Lærdal Medical kjem like mykje som distriktet har samla inn.  Det vil seie at samla innsats i prosjektet vil utgjere kr 1.500.000 til opplæring og sikring av mor og barn.

Elles nemnde ho Polio Plus, som framleis er ei vikig sak for Rotary der det ligg store oppgåver i revaksinering framover.

Ho oppmoda også at meldlemene nyttar autogiro for gåve til RI kvar månad. Dette vil blig godskrive klubben sin konto hos Ri og som givar vil du motta melding om skattefrådrag for summen du har ytt.

Dale Rotary Klubb 

President Asfrid Brunborg Benevoli orienterte om tilstanden i klubben.  Aktiviteten har ikkje vore så stor i det siste, men ein trufast gjeng stiller på møtene.  Det vil i løpet av neste månad halde årsmøte for å drøfta framtida.  

Ho kunne elles opplyse at det står ca 57.000 kroner på prosjektkontoen for vårt felles samarbeid om skuletilbod for born av fabikkarbeidarane i bunads- produksjonen i Ghana.  Ho  vil ta kontakt for å avklare kor mykje vi skal betale i år.

Voss RK skal i møte på Dale Fabrikker den 6. desember, og vil vil sjå om det er mogleg å invitere til eit ope møte den dagen, slik at innbyggjarar i Vaksdal kommune kan delta på møtet og kanskje bli interessert i å bli medlem i klubben.

Voss Rotary Klubb

President Ragnar Aronsen orienterte om klubben og aktiviteter i klubben.

Spesielt framheva han klubben sin innsats i fjorårets Grindbygglotteri og korleis dette gir klubben høve til å bruke midlar på ulike prosjekt som:                Distriktets «10.000 Happy Birthdays»  -   Gåve til Vossabadet og deltakarar til RYLA. (Rotary Youth Leadership Award)

Elles gjekk han inn på klubben sine sosiale aktivitetar som:  Smalahovedugnad med festleg samkome,  Joleavslutning og jolebesøk på sjukeheimen. Avslutningsvis viste han klubben si nye heimeside.



Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Idrottshuset
Adresse: På Idrettsplassen
Postnummer: 5700
Sted: Voss
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 18:30
Møtespråk: no
Møtedetaljer: Møtedag annakvar onsdag.

Plasser innhold her

Møtearkiv fra
før August 2022



roterende lenker

Nyheter fra
Rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Distrikt - Rotary RSS