Voss Rotaryklubb vitja "Avisa Hordaland".


Tekst: Ragnar Aronsen
Foto: Kjell Erik Herheim

Rotarymøte 18.04.2018

Program:  Omvisning i verksemda og orientering om avisdrifta.

Vi vart mottekne av Astrid Kløve Graue, som gjorde greie for historia til avisa frå Vossabladet til Hordaland – 1893 til i dag.

Kort fortalt:  Avisa blei starta som ei Venstreavis, som motvekt til Høgre i politikken. 

Dei fyrste åra blei avisa trykt i blysats, som blei sett manuelt, med berre overskrifter i latinske bokstavar og resten av innhaldet i gotisk skrift.  Fyrst då typane vart utsletne gjekk dei over til settemaskiner, der dei produserte linjer og tekst som blei sett saman til avissider.  Denne teknikken blei so bytt ut med digitalt utstyr frå ca. 1975, og i dag vert avisa trykt i eit moderne offset rotasjonstrykkeri.

Selskapet er familieeigd, med Astrid sin bestefar som grunnleggjar og seinare hennar onkel og far som redaktør og kommersiell leiar.

Astrid har vore dagleg leiar inntil dottera Ingrid tok over som konsernleiar.

Omvisning og vidare orientering blei gjort av dagleg leiar i Avisa Hordaland: Tond Syvertsen.

Han synte oss trykkepressa i full drift ( dagens produksjon 22.000 eksemplar fordelt til alle husstandar i dekningsområdet).

Deretter blei det servert kaffe og wienerbrød i kantina, medan  han orienterte om utviklinga for avisa med trykk, digitalisering og korleis lesarane brukar avisa i dag.

Han gjorde også greie for korleis inntektene har forskyve seg frå annonsering som viktigaste inntektskjelda til abonnement som viktigaste.
















Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Idrottshuset
Adresse: På Idrettsplassen
Postnummer: 5700
Sted: Voss
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 18:30
Møtespråk: no
Møtedetaljer: Møtedag annakvar onsdag.

Plasser innhold her

Møtearkiv fra
før August 2022



roterende lenker

Nyheter fra
Rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Distrikt - Rotary RSS