rotary møtet 27. september 2017 var lagt til krigsmuseet til david gjøstein på kløve.

David Gjøstein har gjennom mange år bygd opp eit lite, men imponerande museum på Kløve.                                                                        Her er samla mange ulike gjenstandar og dokumentasjon frå krigsåra på Voss. Her er avisartiklar, bilete, ulike dokument, våpen, uniformer, radioar og mykje meir. 

David guida oss igjennom museet frå starten av krigen i 1940 og fram til freden kom i 1945. Han spelte av radioopptak m.a. av Vidkun Quisling og radiosendingar frå London. 

Rotarymedlemane var ei lydhør forsamling og stilte etter gjennomgangen mange relevante spørsmål til Gjøstein, som sit inne med gode kunnskapar om krigsåra på Voss.

Me takkar for eit interessant møte.

       

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Idrottshuset
Adresse: På Idrettsplassen
Postnummer: 5700
Sted: Voss
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 18:30
Møtespråk: no
Møtedetaljer: Møtedag annakvar onsdag.

Plasser innhold her

Møtearkiv fra
før August 2022



roterende lenker

Nyheter fra
Rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Distrikt - Rotary RSS