voss rotaryklubb vitja "dale of norway" 

Tekst: Ragnar Aronsen
Foto: Kjell Erik Herheim

Vi blei mottatt av tekstilingeniør Lorents Tvedt som tok oss inn i eit          utstillingsrom med plakatar og utstilte modellar som viste OL  og VM gensarar frå 1956 til 2018.

Han fortalde verksemda si historie frå oppstarten i 1879 fram til moderne produksjon av strikkeplagg i dag.  Med moderne dataprogrammerte strikkemaskiner har verksemda i dag verdsleiande produksjon av mønsterstrikk.

Frå tidlegare handstrikka modellar i tjukkare norsk ulltråd brukar dei i dagens produksjon merino kamgarn for å kunne tilby tunnare og lettare kvalitetar.  Medan dei tidlegare brukte norsk ull frå norske spinnerier fortalde han at ingen norske kan levere den typen tråd dei treng i dag, slik at dei no kjøper mesteparten frå eit spinneri i Austerrike.

Maskinane dei nyttar strikkar figurforma modellar, som dei får sydd til plagg, stort sett i Polen. Men utviklinga av nye modellar; figurstrikking og samansying vert også gjort i  eiga systue.

Vi fekk så ei omvisning i produksjonslokalene, der vi fekk sjå dei moderne strikkemaskinene i drift.

Til slutt endte vi opp i fabrikkutsalet der vi fekk handle jolegåver og kor vi kunne sjå alle dei flotte modellane dei tilbyr.

Dale of Norway er eit internasjonalt merkenamn, som for tida sel godt og driv med overskot.  Gjennom verksemda si levetid har det vore både opp- og nedturar, og dei har gått frå handstrikk via mekanisk styrte strikkemaskiner til dagens datastyrte, enkelt programmerbare maskiner.

Det er svært kjekt å sjå ei norsk tekstilbedrift som lever i beste velgåande og som hevdar seg godt i internasjonal konkurranse.

Om du ynskjer å vite meir om denne spanande bedrifta eller det utall av produkter dei tilbyr kan du  Klikke her.

Sjå Promotionvideo på Youtube.




Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Idrottshuset
Adresse: På Idrettsplassen
Postnummer: 5700
Sted: Voss
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 18:30
Møtespråk: no
Møtedetaljer: Møtedag annakvar onsdag.

Plasser innhold her

Møtearkiv fra
før August 2022



roterende lenker

Nyheter fra
Rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Distrikt - Rotary RSS