voss rotary klubb på besøk i vossabadet


Tekst: Ragnar Aronsen
Alle foto: Kjell Erik Herheim

Referat frå møte i Vossabadet onsdag 01.11.2017 kl. 18.30

16 medlemer møtte. 

Vi blei tatt imot av dagleg leiar Geir- Ole Selland som heldt ei kort orientering om organiseringa av drifta av badet, om besøksutviklinga etter ein månads drift og om sjølve badeanlegget. Badet består av eit 25 m trenings-/konkurransebasseng med djupne frå 1,6 – 1 m, eit stupebasseng med sviktbrett på 1 m og 3 m samt eit fast tårn på 5 m.  Stupbassenget er 4 m djupt. Vidaare er det eit opplæringsbasseng med varmare vatn, samt ei vass-sklie.  Anlegget er dimensjonert for ca 80.000 badande pr. år.  Øvre grense for antall badande til ei kvar tid ligg på 150 personar.  Billettordninga er elektroniske «klokker» som gir tilgang til bad og garderobeskåp.

Sidan Geir-Ole, dagleg leiar, skulle i styremøte kl. 19.00 nytta vi høvet til å overrekka ei gåve frå Voss RK til badet:  Eit djuptrykk med titelen «Bad» av Sveinung Iversen.  Klubben har då delteke i kapitalinnsamlinga til badet med kr 15.000,- og med eit bilete av Sveinung Iversen til utsmykning.

Deretter overtok teknisk leiar Daniel Fløysand som tok oss med på ei omvising, fyrst på tribunen i sjølve symjeanlegget og deretter gjennom personalrom og møterom til det imponerande ventilasjonsanlegget som bidreg til avfukting av luft, til varmegjenvinning og omlufting, slik at innetemperaturen held konstant 28 grader.

Sidan gjekk vi ned i «undergrunnen».  Der fekk vi sjå vassreinseanlegg og varmeleveranse frå fjernvarmeanlegget på Gjernes. Hovudreinsking av vatnet vert gjort med sandfilter, som har ei forventa levetid på oppimot 10 år.  Elles fekk vi høyre om betydeleg kjemikaliebruk (klor, syre m.v.) for å regulere ph verdi og alkalitet slik at vatnet skal vere reint og helsesamt å bade i.

Alt i alt eit flott tilskot til trivselen i Vossabygda !




Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Idrottshuset
Adresse: På Idrettsplassen
Postnummer: 5700
Sted: Voss
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 18:30
Møtespråk: no
Møtedetaljer: Møtedag annakvar onsdag.

Plasser innhold her

Møtearkiv fra
før August 2022



roterende lenker

Nyheter fra
Rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Distrikt - Rotary RSS