Velkomen til Voss Rotary klubb si heimeside

                      *********************************************

Rotarymøte 13. september 2023

På møtet 13. sept i Voss Rotaryklubb vart Odd D. Kløve tildelt utmerkelsen Paul Harris Fellow, for sitt lange og aktive arbeid for klubben og Rotary sitt formål.

På biletet er han flankert av President Mehdi Kharazmi og leiar i medlemskomiteen Kjell Herheim.





***************************************************************************************************************************

6 nye medlemar i voss rotaryklubb i 2022

I løpet av 2022 har Voss Rotaryklubb tatt opp 6 nye medlemar. Me gratulerer og ynskjer hjartleg velkomne til klubben og vonar de vil trivast i Rotary fellesskapet.

F.v: Kjell Arne Bergstrøm, Asbjørn Løno, Unn Fauskanger, Jostein Rørlien, Lars Bjørn Humlebrekke og Daniela Bruehl.


*************************************************************************************************************************************

willy roger jakobsen på besøk i voss rotaryklubb

9. november vitja Willy Roger Jakobsen vossaklubben. Han er sjølv medlem i Bergen-Vest Rotaryklubb. Jakobsen er ein aktiv mann på Voss. Han kjøpte i 2012 Vossakjøt AS på Vinje og har fått skikkeleg sving på verksemda. Han har også kjøpt Nortura sitt anlegg på Evanger og i Granvin og han er  engasjert i øl og vatn produksjon. I tillegg er han i gang med eit stort prosjekt på Byrknesøy. I år har han forsøkt å kjøpa Tine sitt meierianlegg på Voss. Dette lukkast han ikkje med då Tine er redde for konkurransen. Mjølkeprodusentane på Voss er lojale mot Tine. 



***************************************************************************************************************************

professor ola h. grytten vitja voss rotary klubb 5. oktober med foredrag om hans nilsen hauge.


Les meir om møtet og foredraget her.

Biletet viser Iril Schau Johansen, president i Voss Rotary Klubb og Professor Ola H. Grytten.

***********************************************************************************************************************

rotary distriktskonferanse arrangert på voss 23.-25. september 2022.

Med Distriktsguvernør Odd Henry Hommedal i spissen vart Distriktkonferansen for Distrikt 2250 arrangert på Voss på Fleischer´s Hotel i september, med 120 deltakarar. 

Eit stort og allsidig fagleg og sosialt program vart gjennomført med stor suksess. Konferansen hadde som tema "Nyskapande bærekraftig næringsliv" og tre Vossaverksemder var tilstades og presenterte seg og sine produkt. Det var Voss Fellesbryggeri L/L, Kitemill AS og Invertapro AS. Spanande og innovative bedrifter. I tillegg til desse hadde me gode foredrag av Sveinung Rotevatn, Terje Breivik, Ole Didrik Lærum og ei rekkje Rotarymedlemar som snakka om Rotarysaker. Av underhaldning kan nemnast, Einar Midtun med Sivle-soger, Marerut, unge musikanter m.v. 

For mange vart smalahovemiddagen fredagskvelden eit nytt kjennskap i matvegen, men alle åt seg gode og mette. Laurdag var det festmiddag med god mat og drikke, talar og utdeling av hedersbevis.



************************************************************************************************************************

Sommarfest med hesteskokasting, president og guvernørskifte på voss.

22. juni arrangerte Voss Rotaryklubb sommarfest med Presidentskifte og Guvernørskifte på Voss.
Det var også opptak av tre nye medlemar i klubben.
På bileta overrekkjer DG Claus E. Feyling guvernørkjedet til påtroppande Distriktsguvernør Odd Henry Hommedal og påtroppande President i Voss Rotaryklubb Iril K. Schau Johansen har fått presidentkjedet frå president Kjell Klemetsen.



***********************************************************************************************************************

vinnaren av grindbygglotteriet er trekt


***************************************************************************************************************************

Voss Rotaryklubb arrangerer pets på Voss 18.-20. mars

Voss Rotaryklubb er arrangør av årets PETS (President Elect Training Seminar) som arrangeres på Fleischer's Hotel 18.-20. mars 2022. Det har lenge vært usikkert om PETS kan arrangeres som en fysisk samling på grunn av koronasituasjonen, men nå er det endelig avklart at det blir en fysisk samling, men konferansen overføres også digitalt til de klubbene som ønsker å delta på den måten.

Invitasjon og påmeldingsskjema vil bli sendt til klubbene i distriktet i uke 3.

************************************************** * ***************************************************** ********************

besøker Scandic Hotel Voss.

1. desember besøkte Voss Rotaryklubb det nye hotellet Scandic Voss. 


Vi ble ønsket velkommen og vist rundt av restaurantsjef Kristoffer. Hotellet har 215 rom og har plass til opptil 700 gjester. Mange av rommene er familierom med 4 senger. 


Vi besøkte flere forskjellige rom, et treningsrom med mye flott utstyr og en badstue i toppetasjen, med flott utsikt over Vangen og Vangsvatnet. 


Vi fikk også se alle møte- og konferanserommene, og til slutt spisestuen. Fint og interessant.


********************************************* '' '' ** *************************************************** *************************


rotaryklubben på voss tilbyr lederkurs for ungdom mellom 19 og 27 år.

Kurset er et 3-dagers seminar med fokus på egenutvikling for ungdom som ønsker å bli ledere. 

Målet med  seminaret er selvutvikling gjennom å få innsikt i egen person og forholde seg til, samarbeide med og ansette andre. Ved hjelp av teori, gruppeøvelser, diskusjon og refleksjon settes fokus på hvordan vi påvirker andre og andre påvirker oss. Gjennom diskusjon med erfarne bedriftsledere i gruppearbeid og paneldebatt får deltakerne vist aktuelle problemstillinger og spørsmål. 

Seminaret gjennomføres i en inkluderende atmosfære hvor deltakere i alderen 19-27 år fra ulike miljøer og bakgrunner kan lære av hverandre og få nyttige impulser og kontakter. 

Seminaret kostar kr 8000,-, men Voss Rotaryklubb betaler kurset for 1-2 deltakarar kvart år.

Les mer under fanen UNGDOM
************************************************** * ***************************************************** *************************

bedriftsbesøk hjå Moelven Granvin bruk  (3. nov. 2021)

Hjå Moelven Granvin Bruk blei vi mottekne av dagleg leiar Ørjan Kalsaas, som orienterte om verksemda, produksjonen og marknaden. Deretter tok han oss med på i omvisning i saghuset og ein rundtur på anlegget.

Moelven Granvin Bruk AS er i dag spesialisert på konstruksjonsvirke av gran. D.v.s. kledningsbord, lister og 48 mm bjelkar i ulike breidder. Virket er hovudsakeleg vestlandsgran, der størstedelen blir levert frå Voss m/omegn.

Dei har saghus, tørke og eige høvleri, samt eige flisfyringsanlegg for produksjon av energi til tørkeprosessen.  Alt virke blir utnytta, frå bark, flis, hun, skurlast og evt vraka tømmer som går til slip. Årsproduksjon f.t. ligg på ca. 90.000 kbm virke.  Verksemda har f.t. 34 tilsette. Dei håper på å kunne utvide produksjonen noko, men vil då trenge meir tørkekapasitet. 

Etter bedriftsbesøket var det samling til kaffe og ei nydeleg plommekake på Jaunsen Gjestgjevarstad.



********************************************************************************************************

Smalahovefest

Voss Rotaryklubb arrangerte 27. oktober sin tradisjonelle Smalahovefest. I år hadde klubben besøk av Distriktsguvernør Claus E Feyling som hadde god apetitt og åt smalahove som ein innfødd Vossing. Han stakk også av med hovudgevinsten i lotteriet som gjekk til inntekt for PolioPlus.

*********************************************************


thomas hårklau, ceo, i kitemill på besøk.

Hårklau heldt foredrag om denne spanande verksemda. Dei har utvikla eit system for produksjon av energi ved bruk  av «fly» som surrar rundt ca 500 meter over bakken og heng i eit tau som er kobla til ein generator på bakken. 

Me spår ei lysande framtid for Hårklau og Kitemill.



*************************************************************************************

utfordringar for voss herad.

Dette var temaet då Varaordførar Sigbjørn Hauge vitja Rotaryklubben 22. september.

Voss Herad har utfordringar både økonomisk og organisasjonmessig når dei skal "ta heile heradet i bruk" . 

Han kom inn på ulike oppgåver som grendautvala i ulike delar av heradet arbeidar med. Sidan størstedelen av kommunen sitt budsjett (80-85%) går til lovpålagde oppgåver innan helse og omsorg og ungdsom, blir det lite tilovers til andre tiltak. Spesielt til oppgåver og ynskjer frå grendautvala. 

Han trur derfor at det vil bli større krav til frivillig innsats og frivillige organisasjonar i framtida.

**************************************************************************************************************************

Voss Rotaryklubb hadde besøk av distriktsguvernør claus E. Feyling                                                   

8. september hadde klubben besøk av Distriktsguvernør Claus E. Feyling. Med seg hadde han også Assisterande Guvernør Kristin Akselberg.

I sitt fordrag for klubben presenterte Guvernøren saker han sjølv og saker han og Rotary er opptekne av for tida. Han kom inn på medlemsutvikling, Rotaryfondene, Ungdsomsprogrammet og klubbane sitt indre liv. 

*************************************************************************************************************************

Rotaryklubben vitja gudvangen stein as.

Onsdag 19. mai var Voss Rotaryklubb på utflukt til Gudvangen Stein AS. Me vart tatt imot av Dagleg leiar Frode Øvsthus som også er medeigar i verksemda. Anortositt er ein kvit stein som inneheld 1/3-del aluminium og vert stort sett nytta som råstoff i steinull-isolasjon. Ein liten del av produksjonen går til grus i hagar og som råstoff i asfalt. Dei eksporterer til mange land i Europa. Etter ei grundig orientering frå Frode Øvsthus tok han oss med inn i gruvene. Det var ein kjekk og spanande oppleving. Iril og Åse-Karin diska opp med heimebakst og kaffi etter at me var komne ut i dagljoset igjen. 
  
*************************************************************************************************************************

nye medlemar i voss rotaryklubb.

Nye medlemar i Voss Rotaryklubb.
På møtet 5. mai vart tre nye medlemar tatt opp. Det var Tone Finne, Astrid Hansen og Mehdi Kharazmi. Distriktsguvernør Jostein Osnes som vitja klubben denne dagen overleverte Rotary-jakkemerke til nykomarane og ynskte dei velkomne i Rotary-familien. Åse Karin Tennebekk og Odd Henry Hommedal fortalde litt om dei nye medlemane og Kjell Herheim orienterte om Rotary generelt. På møtet deltok også Ass. Guvernør Ingunn Borgen Hansen både med gode ord og song. Arne Viste hadde trekkspelet med seg og det vart song og musikk både som start og avslutning av eit godt og hyggeleg møte.

****************************************************************************************************************************

Fysioterapeut Gunvor Loven om artrose.

Fysioterapeut Gunvor Loven med foredrag om Artrose i Voss Rotaryklubb 21. april.
Trening og aktivitet hjelper, var hovudbodskapen til Gunvor Loven då ho fortalde om artrose (ofte kalla slitasjegikt), men artrose skuldast ikkje slitasje. Ho forklarte at det heller var ein tilstand i leddet som skuldast manglande aktivitet, eller ein eller annan skade.
Deretter forklarte ho at behandlinga kan delast i tre stadier: Trening, medikamentell behandling eller til sist kirurgi. Dei fleste vil oppleve betring ved trening.
Ho gav eksempler på treningstypar og aktivitetstypar som dei fleste kan gjennomføre i kvardagen. Særleg la ho vekt på at styrketrening krev aukande belastning etter kvart for å gi resultat. Treninga måttte gjerast over ein periode på minst 12 veker før ein kan vente særleg resultat.
Ho forklarte at pasientar med plager i kne eller hofte kan vende seg direkte til fysioterapeut og få vere med i treningsgrupper som tek sikte på å avhjelpe smerter og skader.


***************************************************************************************************************************

hybrid møte for fyrste gong.

Voss Rotaryklubb sitt medlemsmøte 17. mars vart for fyrste gong gjennomført som hybridmøte. Møtet vart halde på Scandic Voss og i tillegg kunne medlemar som ikkje hadde høve til å møta fysisk delta via video på heime-PC eller nettbrett. Dette fungerte ganske godt.
Tidlegare prest Ivar Bu Larssen heldt foredrag som han kalla: "Refleksjonar om teologi".
Dette var svært interessant, og etter foredraget var det mange spørsmål og ein god diskusjon.




***********************************************************************************************************************************
Gunnstein akselberg vitja klubben 28. oktober.

Temaet for foredraget var:
Når det ukjente vert kjend og det kjende ukjent – ungdomsspråk, byråkratspråk og daglegspråk.
Hovudpoenget hans var at levande språk er språk i endring. Nye ord, nye uttalemåtar og endring i dialektar vil kome fram. Slik har det vore i Norge frå vi snakka norrønt på 1300 talet til i dag. Det vi oppfattar som ekte, norske dialektar vaks fram og fann si form på 1700 talet og er stadig i endring.
Han gav oss eksempel på nytt ordtilfang i ungdomsspråket, særleg på austlandet, sokalla kebabspråk og kunne fortelje at tilsvarande endringar skjedde i Sverige (Rinkebydialekt) og i Danmark (Perkersprog).
Han viste eksempler på byråkratspråk som er prega av lange, innvendig samanhengande setningar og framandord, der meininga ikkje alltid kjem klart fram. Som motsasts heldt han fram klart språk som nyttar kortare setningar med ei meining for kvar setning.
I omtalen av daglegspråket viste han eksempler på at ord, som vi kanskje trur er originalt norske, i verkelegheita kjem frå nedertysk. Vidare viste han at vi ikkje treng vere redde for at vossaungdomen kjem til å snakke bergensk, men at vi må forvente at både ordbruk og uttaleformer endrar seg. Særleg nemnde han sch-lyd, skj-lyd og kj-lyd som uttaleformer som såg ut til å nærme seg kvarandre, der særleg kj-lyden, som norsk språk er nokså åleine om, verkar vere truga. (jfr. Ungdom som skal på skino/schino etter å ha ete schylling til middag.)
Etter foredraget fekk han overrekt boka: Vossestrand – folk og landskap, som takk for eit interessant og fengjande foredrag. Svært interessant foredrag så denne Rotary- timen gjekk fort.
(Tekst: Ragnar Aronsen)

***************************************************************************************************************************

Destinasjon Voss på besøk i Voss Rotaryklubb.

Mona Hellesnes har vore dagleg leiar i Destinasjon Voss i 5 år. Ho besøkte Voss Rotaryklubb 14. oktober. Destinasjon Voss er eit reisemåls- og utviklingsselskap. Hovudoppgåvene er å koordinere og marknadsføre reiselivet på Voss samt arbeide med prosjektutvikling innan reiseliv.
Voss har ein ambisiøs plan for reiselivet. Med ei sentral plassering i Fjord Norge, og stor satsing på å vidareutvikle vintertilboda, er målet å vere det leiande heilårsreisemålet i Noreg.
Mona kom også inn på utfordringane som Korona-situasjone har skapt for reiselivsnæringa i bygda. Destinasjon Voss og medlemsverksemdene hadde budsjettert med at 2020 skulle bli eit toppår, men dessverre så vart det ikkje slik.
***********************************************************************************************************************************

Frelsesarmeen på rotary-besøk

Astrid Hansen frå Frelsesarmeen på Voss vitja Rotaryklubben 30. september.

Ho fortalde om korleis Frelsesarmeen oppstod. Det var engelskmannen William Booth som jonsokaftan i 1865 var på heimveg frå pub'en The Blind Begger i Øst London, som bestemte seg for å starta sin kristne misjon. Det fyrste årsmøtet i The Salvation Army vart halde i 1878. I 1888 bestemte armeen seg for "å gå til angrep" på Norge og utviklinga i Norge skjedde fort. Alt i 1895 kom Frelsesarmeen til Voss og det vart halde møter kvar kveld i heile julehelga, i "Knut Kronstad salen" der Gamlemeieriet står idag. Avdelinga på Voss blir idag driven som ei sjølvstendig eining, der overskot frå Fretex, Julegryta og anna innsamling blir nytta til utadretta aktivitetar, m.a. for rusmisbrukarar og andre vanskelegstilte. Julaftan inviterer Frelsesarmeen saman med nokre andre organisasjonar til julekveldfeiring, og det er ope for alle. I år hadde dei store planar for å feira 125 års jubilèum for avdelinga på Voss, men det måtte desverre avlysast grunna Corona pandemien. Frelsesarmeen på Voss har møter kvar         søndag i Lekvemoen. Voss Gospelkor som mange har vore på konsert med, er det Frelsesarmeen på Voss som står bak.

******************************************************************************************************************************

Næringslivet på Voss - status og utfordringar. 

Dette var tittelen på foredraget som Iril Kristine Schou Johansen heldt på Rotarymøtet 16. sept. 2020.

Iril gjorde grundig greie for korleis ulike bransjar har vore råka av nedstengningar under Covid-19 pandemien lokalt på Voss. Det har vore spesielt vanskeleg for hotell, reiseliv og handel og i bygningsbransjen, men etter hennar meining kan det vere grunnlag for ei forsiktig optimisme for tida frametter – viss vi greier å halde kontroll på smitten.


***********************************************************************************************************************************

Presidentskifte i Voss rotaryklubb


Voss Rotaryklubb har hatt Presidentskifte, som vart halde på uteområdet ved Voss Folkemuseeum - Mølstertunet.
Frå 1. juli overtek Åse Karin Tennebekk som President i klubben etter Edvard Klette. Edvard har leia klubben siste året som har vore ei utfordrande oppgåve pga Koronaepidemien. Han fekk blomehelsing frå Åse Karin og klubben som takk for innsatsen. Edvard ynskte Åse Karin lukke til i komande møteår og overrekte Presidentkjedet. Audun Lødemel og Odd Henry Hommedal går ut av styret og fekk ei gåve som takk for innsatsen.


************************************************************************************************************************************

Rotarykubben vitja "FLOR"


Kristin Lemme starta for nokre år sidan bedrifta Flor (fjøs) som produserer og sel arbeidsklær for kvinner. I starten har det vore spesielt fokus på arbeidsklær for kvinner i landbruket, men dei arbeidar no også med kvinneklær for andre yrker, m.a. fiskeribransjen.
Flor at fått tilskot m.a. frå Innovasjon Norge og har fått salsavtale med m.a. Felleskjøpet. Dei deltek aktivt på ulike messer rundomkring i landet.



**************************************************************************************************************************************************

"Ein biolog sitt syn på klimakrisa"

Foredrag av Brynjulv Kvamme i Voss rotaryklubb 5. febr. 2020.

Brynjulv Kvamme, som er medlem i Voss Rotaryklubb heldt 5. februar foredrag for klubben med temaet;  «Ein biolog sitt syn på klimakrisa». Foredrag var svært interessant og han fekk undervegs mange spørsmål og kommentarar.

"Menneska set sine spor og påverkar naturen og miljøet vi lever i.  Denne påverkinga har vi teke inn over oss og verdssamfunnet har forsøkt å skape ein slags kontroll med menneska si påverking." Med dette som utgangspunkt stilte Brynjulv mange spørsmål og gav sjølv svar.

"Kva har skjedd?" - "Kva er gjort?" - "Kva er problemet?" - "Kvifor er det blitt slik?" og "Kva kan vi gjera?"

Ynskjer du meir info kan du få tilsendt fullt referat frå Brynjulv sitt foredrag


***************************************************************************************************************************

kari traa på besøk i Voss rotaryklubb.

Onsdag 11. des. 2019  hadde Voss Rotaryklubb besøk av Kari Traa. Ho fortalde  om si eiga karriere og mange gode historiar om ting ho har opplevd som aktiv idrettsutøvar. Ho fortalde også om suksess historien for klesmerket "Kari Traa". Kari er ein engasjert og frisk foredragshaldar, og rotarianarane fekk mykje god informasjon og latteren runga fleire gonger i lokalet. President Edvard Klette takk for foredraget og overrekte boka "Vossestrand - Folk og Landskap" som takk for innsatsen.

*************************************************************************************************************************

Smalahovefest

Voss Rotaryklubb sin årlege Smalahovefest gjekk av stabelen igårkveld. Rekord deltaking med over 40 gjester, og stor stemning. I år som ifjor hadde me besøk av AG Ingunn B. Hansen med gemalen. Ho bidrog med solosang og gode historier. Mange andre av gjestene var også frampå med Sannsonger og Skrøner. I år hadde me også gjester frå USA som fekk smaka smalahove for første gong. Me gler oss allereide til neste år....


***********************************************************************************************************************

OL- på vestlandet

Torgils Bryn vitja 2. oktober Voss Rotaryklubb og heldt foredrag om OLympiske vinterleikar på vestlandet.

Med overskrifta "Eit annleis OL" fortalde ein engasjert Torgils Bryn om arbeidet som er gjort hittil og planane framover for å få OL til Norge og Vestlandet. Ein komitè er nedsett som dei neste to åra skal arbeida aktivt for å få OL til Norge i 2030 eller 2034. Dei har kontor på Brann Stadion og arbeidet framover er fullfinansiert. 

Tanken er at OL skal nytta mange av dagens idrettarenaer, slik at kostnadane vert haldne låge. Alt det semonielle skal vera i Bergen, der også mediasenteret skal halda til. Elles vert det arrangement på Voss med f.eks. skiskyting og i Bergen blir det skøyteløp. Hopprenn i stor bakke i Oslo, og slik blir mange stadar i sør-norge involvert i arrangementet.

Det er viktig at søkanden kjem frå idretten sjølv og ikkje få ein eventuell arrangørby.

One game – one flame! Ideen til initiativtakarane er og å arrangera OL og Paraolympics samstundes, har aldri vore gjort før.

Bilete øverst: Torgils Bryn fortel om OL på Vestlandet.
Bilete nederst: Medlemar i Voss Rotaryklubb som lydhør forsamling.


****************************************************************************************************************************

nye æresmedlemar i voss rotaryklubb

Astrid Kløve-Graue og Knut Gjertsen vart på sommarfesten til Voss Rotaryklubb utnemde til æresmedlemar i klubben. Dei har begge vore aktive medlemar i mange år og har begge vore President i klubben og har hatt mange andre ulike verv. Astrid var i 2007-2008 Guvenør i Distrikt 2250 (Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane). Ho var då den fyrste kvinnelege Guvenøren i distriktet. Knut har vore og er særs aktiv som foredragshaldar i klubben. Begge er tidlegare heidra med Paul Harris Fellow.

****************************************************************************************************************************


ny president i Voss Rotaryklubb

På sommarfesten til Voss Rotaryklubb 19. juni var det også skifte av President i klubben. Odd Henry Hommedal som har vore President siste året overrekte presidentkjedet til den nye Presidenten Edvard Klette. Me ynskjer Edvard lukke til som leiar av klubben i komande år.


****************************************************************************************************************************

sidertur til ulvik.

 

Voss Rotaryklubb var 22.mai på sidertur til Ulvik. Her besøkte me Syse Gard med vertskapet Gro og Hans Uglenes. Syse gard er ein del av siderruta i Ulvik, og garden tilbyr utsal av eplesider, syltetøy, hermetiske plommer, kors osv. Dei har i løpet av året 10.000 besøkjande og 4.000 på omvising og matservering.
Klubben fekk omvisning på garden og fekk god informasjon om gardsdrifta og sider og mat produksjonen. Undervegs i løypa fekk medlemane servert smaksprøvar. I gardsutsalet vart det mykje freistande å sjå på og det var mange som handla både sider og andre produkt.
Besøket vart avslutta med eit utsøkt måltid av kortreist mat i ljose og trivelege lokale.
****************************************************************************************************************************

Rotary på besøk hjå vossestrand omsorgstun.

9. mai var Voss Rotaryklubb på besøk hjå Vossestrand Omsorgstun på Oppheim. Leiar for område Nord i Voss kommune og for Omsorgstunet Agnete Hommedal Gilbakken viste oss rundt på institusjonen og fortalde om livet på omsorgstunet. Ho orienterte om kriterier for å få plass på ein aldersheim og om ulike aktivitetar for dei eldre.
Iril Schou Johansen spelte blokkfløyte og Einar Midtun heldt foredrag om Per Sivle og fortalde vossastubben "Tobakksvolt". Eit interessant og givande møte hadde me.

************************************************************************************************************************

Besøk hjå SKYFITNess Voss.

Voss Rotaryklubb besøkte 27. mars  SkyFitness Voss. 

Interessant informasjon om verksemda, fysisk trening og omvising i lokalet av Linn og PT Tobias. 

Då er det berre å melda seg inn og starta treninga.






*************************************************************************************************************************

Ope møte om bergensbanen

Onsdag 27. februar var Hilde Magnusson, dagleg leiar i Forum Nye Bergensbanen på  besøk i Voss Rotaryklubb. 

Ho heldt foredrag om:
Bergensbanen - når kan me reisa Oslo-Bergen på 4 timar?
Møtet var annonsert i avisa og var ope for alle interesserte.
Det var godt frammøte og det vart stilt mange gode spørsmål til foredragshaldraren.
Journalist frå avisa Hordaland var tilstades og det kom ein artikkel på trykk i avisa laurdag 1. mars.
Som takk for eit godt og interessant foredrag fekk Hilde boka Vossestrand - Folk og Landskap som takk.








******************************************************************************************************************************************************************
VOSS ROTARYKLUBB GAV 10.000,- KRONER TIL FRELSESARMEEN.

Bjarte Tolaas, Ragnar Aronsen og President i Voss Rotaryklubb  Odd Henry Hommedal, møtte tysdag opp ved Jolegryta til Frelsesarmeen med ein sjekk på 10.000,- kroner som dei putta oppi gryta.

– Frelsesarmeen deler no før jol ut matkort til dei som treng det mest og jolaftan steller dei i stand jolekveld med god mat og kos for mange einslege og andre som vil vera med i eit større fellesskap jolekvelden. Me er svært takksame for den rause gåva, som vil koma godt med, seier Astrid Hansen i Frelsesarmeen.
Frelsesarmeen gjer ein svært god og meiningsfylt jobb og dei fortjener verkeleg denne gåva. 

Rotary har som motto «Service above self» som på norsk betyr «Å gagna andre», og på denne måten er me i same båt som Frelsesarmeen.

Rotary på Voss får sine inntekter frå medlemane og frå ulike arrangement, m.a. grindbygglotteriet for eit par år sidan. I tillegg til å støtta ulike tiltak og organisasjonar lokalt og internasjonalt har Voss Rotaryklubb eit eige prosjekt i Ghana som dei har ytt bidrag til i mange år. Det er støtte til ein skule for sikra utdanning for fleire elevar. No har klubben forplikta seg til å betala jordmorutdanning i tre år til ei 18 år gamal jente i Ghana. Utan denne støtta ville ikkje Rebecca hatt mogelegheit for halda fram på vidaregåande skule. Dette er me i Voss Rotaryklubb svært stolte av.

*********************************************************************************************************************************************************

Voss rotaryklubb kostar utdanninga som jordmor for ung jente i ghana.

Voss Rotaryklubb har i mange år bidrege økonomisk til utdanning for særs vanskelegstilte born i Ghana. Det er Rolf Hagebø frå Dale, som har drive  bunadsproduksjon i Ghana i over 20 år, som er kontaktpersonen mellom Rotaryklubben på Voss og skulen i Ghana. Hagebø var 5. desember på besøk på Voss og fortalde om prosjekta sine i Ghana og om skulen og utdanninga som klubben bidreg til. Han synte bilete frå skulen og området og ikkje minst av Rebecca som Voss Rotaryklubb har bestemt seg for å kosta utdanninga for i 3 år framover til ho blir ferdig utdanna som jordmor. 


********************************************************************************************************************

Voss Rotaryklubb sin tradisjonelle smalahovefest gjekk av stabelen 31. oktober.

Som vanleg vart smalahovefesten særs vellukka. Innk. President Edvard hadde ein flott introduksjon til samkoma og ynskte alle velkomne. Knut leia som vanleg samkoma med stø hand.  AG Ingunn Hansen og ektefelle hadde teke turen frå Bergen og var med å kasta glans over festen. Ingunn imponerte med framføring av eit flott stev. Kvelden vart avslutta med ein god takk-for-maten-tale av Audun.


*********************************************************************************************************************


informasjon om utbyggingsplanane til fleischer's hotel.

Alette Hjelmeland og Erik Tønjum heldt foredrag i Voss Rotaryklubb 24. oktober. Dei fortalde om planane for utbyggning av hotellet med spesiell fokus på nytt inngangparti. 

Dei har jobba med dette i mange år og har møtt mykje motgang, men har ikkje mista trua på at dei kan få realisert planane. Rotary medlemane fekk eit godt innblikk i problemstillingane og gav dei støtte for å stå på vidare.


Foto: Odd Henry Hommedal


*************************************************************************************************************************

Årsmøte i Voss rotaryklubb og opptak av Nils dagestad som ny medlem i klubben.

10. oktober heldt Voss Rotaryklubb årsmøte. Eks.president Ragnar Aronsen presenterte årsmelding og rekneskap for føregåande år. 

Alt vart godkjent av årsmøtet.  Nils Dagestad vart på same møtet tatt opp som medlem i klubben. Me ynskjer velkomen og vonar han vil trivast i Rotary.



*****************************************************************************************

ROTARYS LEIARSEMINAR FOR UNGDOM - 19-27 ÅR.  SØKNADSFRIST: 1. NOVEMBER

ROTARY YOUTH LEADERSHIP AWARD (RYLA) LEDERSEMINAR FOR unge.

RYLA er et 3 dagers seminar med fokus på egenutvikling for unge mennesker som ønsker å bli ledere.Målet forseminaret er egenutvikling gjennom å få innsikt i egen person og forholde seg til, samarbeide med og lede andre. Ved hjelp av teori, gruppeøvelser, diskusjon og refleksjon er fokus på hvordan vi påvirker andre og andre påvirker oss. Gjennom diskusjon med erfarne bedriftsledere i gruppearbeid og panel debatt, får deltagerne belyst aktuelle problemstillinger og spørsmål. Seminaret gjennomføres i en inkluderende atmosfære hvor deltagere i alderen 19-27 år fra forskjellige miljøer og bakgrunn kan lære av hverandre og få nyttige impulser og kontakter. 

Neste seminar vert halde 15.-17. mars 2019 på Fjordslottet Hotell, Fotlandsvåg.   Les meir her.

************************************************************************************************************************************

Distriktkonferansen for D2250 vart halden på Voss 5.-7. oktober.

Årets distriktkonferanse for Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane Rotaryklubbar (D2250) vart halden på Fleischer's Hotel 5.-7. oktober. Frå Voss Rotaryklubb deltok President, sekretær og Leiar i Medlemskomiteen på konferansen. Det var mange gode foredragshaldarar og gode innlegg. M.a. hadde tidlegare statminister Kjell Magne Bondevik eit interessant foredrag.


Foto: Per Ove Askeland.

***************************************************************************************************************************

Opptak av ny medlem og guvenørbesøk  

På møtet 26. september var det opptak av David Gjøstein som medlem i Voss Rotaryklubb. Me ynskjer velkomen til klubben og vonar han vil trivast som Rotarianer. Distriktsguvenør Arild Dale og Ass. guvenør Ingunn B. Hansen var også på besøk på dette møtet. Begge heldt eit innlegg og rosa klubben vår for godt arbeid. Gerd hadde feira jubileeum og fekk overlevert blomehelsing.

Foto: Kjell Herheim

*****************************************************************************************************************************

PRESIDENTSKIFTE, HESTESKOKASTING OG GRILLFEST.

20. juni vart møtesesongen 2017-2018 avslutta med grillfest, hestskokasting og Presidentskifte på Tvildemoen.

I hestskokasting-tevlinga, som vart leia av Ola Folkestad, var det to klassar. I klassen for gjester vart vinnaren Kari Bryn og i medlemsklassen gjekk Knut Sæten av med sigeren. Festkomiteen diska opp med god grillmat med tilbehør og god drikke av ymse slag. 

Avtroppande President Ragnar Aronsen takka for året som var gått og syntest det hadde vore kjekt å få bidra med utdeling av pengar til gode formål. Det flotte grindbygglotteriet hadde mogeleg gjort dette. Han overrekte presidentkjedet til påtroppande President Odd Henry Hommedal.  Odd ynskte å bruka årets motto "Be the inspiration" som eit utgangspunkt for komande år. Eit mål blir å gjera Rotary sitt formål og arbeid meir kjent og synleg i bygda.

**************************************************************************************************************************

Sveinung Klyve vitja voss rotaryklubb med interessant foredrag og flotte bilete.

Onsdag 23. mai hadde me besøk av Sveinung Klyve. Han viste mange flotte bilete frå naturen og dyrelivet både i inn og utland.

Les meir under Møter.






____________________________________________________________________________________

Vossingar på rotarymøte i frankrike

Onsdag 25. april var Rotarymedlemar frå Voss på besøk til Rotaryklubben i Menton i Frankrike. Dei deltok på møtet på Hotel Napoleon. 
Les meir om dette under Møtereferat.


____________________________________________________________________________________________________________________

sverre leiro - frå jord til bord

På møtet 9. mai hadde me besøk av tidlegare leiar i Norgesgruppen Sverre Leiro. Han heldt eit engasjerande foredrag om daglegvarehandelen i Norge.

Les meir under Møter.




___________________________________________________________________________________________

voss rotary klubb vitja "avisa Hordaland"

Onsdag 18. april var Voss Rotary klubb inviterte til "Avisa Hordaland".  

Astrid Kløve-Graue, som er mangeårig Rotary medlem, tok imot oss og orienterte om avisa sin historie. Deretter vart det omvising i trykkeriet og rekasjonen  og  informasjon om dagens avisdrift. 

Møtet vart avslutta med kaffi og wienerbrød. 


Les meir om besøket under Møter.



___________________________________________________________________________________________

onsdag 25. april vitja voss rotaryklubb aldersheimane på voss.


Tradisjonen tru vitja Voss Rotary klubb alderheimane på Voss i april. Hagahaugen (Evanger aldersheim), Vossestrand Omsorgstun og Vetleflaten Omsorgsenter fekk besøk av klubben sine medlemar. Klubben hadde med blautkake og musikantar. 

Sjå bilete frå besøket på Vossestrand Omsorgstun her.

____________________________________________________________________________________________

Fylkesmann Lars Sponheim vitja voss rotaryklubb.

På Voss Rotaryklubb sitt møte 11. april hadde me besøk av Fylkesmann Lars Sponheim. Tittelen på foredraget hans var "Utviklinga i Indre strøk av Hordaland". Han fortalde først om Fylkesmannen si rolle og oppgåver, før han kom inn på kommune og fylkessamanslåing. Sponheim sitt syn på utviklinga i indre strøk av Hordaland var svært interessant.

Les meir om foredraget hans under Møter.



---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

rotarymøtet 21. mars handla om boka "sapiens" av Yuval Noah Harari. 

Knut Gjertsen innleia, refererte og filosoferte over temaet i boka, og det vart ein god diskusjon om boka og temaet.

Klikk her og les referatet frå møtet som du også finn under Møter.

Her kan du lesa anmelding av boka i VG: Klikk her




-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Lokalsoge var temaet i foredraget som nils dagestad heldt på rotarymøtet 14. mars. 

Les referat frå foredraget her.


80 års jubilanten brynjulv kvamme fekk blomar av rotary president ragnar aronsen.






_________________________________________________________________________________________________________________________


Pets vart arrangert på Fleischer's Hotel 2.-4. mars.

PETS (Presidents Elect Training Seminar. Treningsseminar for innkommande) vart arrangert på Fleischer's Hotel 2.-4. mars. Innkomande president og Sekretær frå Voss Rotary Klubb deltok på heile seminaret.  I alt var det 95 deltakarar på seminaret, frå Distrikt 2250 som er Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Det var eit interessant seminar med mange gode foredraghaldarar og spanande tema. Referat frå seminaret blir gjennomgått på medlemsmøter i løpet av våren.

Programmet for seminaret finn du under Møter. Klikk her.

___________________________________________________________________________________________

Sokneprest Kjersti Brakestad Boge held foredraget "luther og kvinnene".

På medlemsmøtet 28. februar heldt Sokneprest Kjersti Brakestad Boge foredrag om Luther og Kvinnene. Eit interessant foredrag som  truleg var nytt og spanande stoff for dei fleste av medlemane. Les referat om foredraget under "Møter".  

I desember i fjor heldt Brakestad Boge det same foredraget på Litteraturhuset i Bergen. Foredraget vart filma og ligg tilgjengeleg på Youtube. 

Du kan sjå foredrag om du klikkar Her.

 ________________________________________________________________________________________________________________________

 Ny bygdebok for for voss

Eirik Helleve og Åsmund Ohnstad fortalde på møtet 14. februar om den nye bygdeboka for Voss. 

Eirik Helleve, som er medlem i Voss Bygdebok nemnd, innleia med eit tilbakeblikk på skipinga av Voss Sogelag og arbeidet med å få til bygdebok for Voss.  Dette resulterte i Lars Kindem sine bøker på 1930-talet.  Han informerte om at desse bøkene fyrst og framst var gardssoger, medan ættesoge delen var nokså tynn. Åsmund Ohnstad er redaktør for den nye boka og fortalde om arbeidet med å laga 1. bindet av boka og korleis arbeidet med dei neste tre binda er lagt opp.

Les meir under menyfanen Møter. Klikk her.


____________________________________________________________________________________________

gunnar schei: framandkrigarar i den spanske borgarkrigen.

På møtet onsdag 7. februar 2018 held Gunnar Schei foredrag om framandkrigarar i den spanske borgarkrigen.

Gunnar  Schei innleidde med å greie ut om bakgrunnen for den spanske borgarkrigen, der opprørarane under leiing av general Franco nedkjempa regjeringsstyrkane og overtok makta i Spania.  Krigen varte frå 1936 til 1939.

Les meir under menyen møter. Klikk her.

___________________________________________________________________________________________

Voss rotaryklubb på tur til Nepal med Marit og Per Helleve.

I 2015 var Marit og Per Helleve på tur til Nepal og på møtet 13. desember fortalde dei om turen og opplevingane dei hadde på  rundturen i landet.  Les meir om foredraget deira og sjå bilete.    Klikk her.





              
     
        
___________________________________________________________________________________________

Voss Rotaryklubb vitja "Dale of Norway" på dale. 





Rotary møtet onsdag 6. desember var lagt til Dale og besøk hjå Dale of Norway. Her fekk me iformasjon om verksemda med historisk tilbakeblikk. Me fekk omvisning i fabrikklokala og  butikken vart opna for hyggeleg jolegåvehandel.

Les meir og sjå bilete. Klikk her.

                      _


___________________________________________________________________________________________  

BEDRIFTSBESØK HJÅ GJERALDSTVEIT MEKANISKE AS

Onsdag 15. november  var Voss Rotary Klubb på bedriftsbesøk hjå Gjeraldstveit Mekaniske AS.

Leis meir om besøket under MØTER.





                    

  __________________________________________________________________________________________

 distriktsguvenør christin Sagen landmark på vossabesøk

        

  Rotarymøtet på Fleischers Hotell 8. nov. var ei sammøte med Dale Rotary Klubb og me hadde besøk av Distriktsguvenør  Christin Sagen Landmark og Assisterande Distriktsguvenør Ingunn B. Hansen. 

  Les meir og sjå bilete. Klikk her.


                                                                                     President i Voss Rotary Klubb                                                                                         Ragnar Aronsen og                                                                                                             Distriktsguvenør Christin                                                                                                 Sagen  Landmark.

                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                            Foto: Kjell Erik Herheim

                 ____________________________________________________________________________________

           voss rotary klubb vitja vossabadet.

                Les møtereferat og sjå bilete. Klikk her.


           

           _______________________________________________________________________________________________________________           

           ROTARYS LEIARSEMINAR FOR UNGDOM - 19-24 ÅR.  SØKNADSFRIST                                                               1. DESEMBER.  ROTARY YOUTH LEADERSHIP AWARD (RYLA)

                "har du det som trengs for å bli en dynamisk leder og forandre ikke bare deg selv,                     men verden ?"
                Les meir om seminaret og send inn søknad om få delta.

                 ____________________________________________________________________________

             smalahovegilde i rotary voss

                  Onsdag 25. oktober vart det tradisjonsrike smalahovegildet til Voss Rotary                            Klubb arrangert.  Les meir her...


                                                                                                                                                                           ______________________________________________________________________________      

           rotary voss vitja krigsmuseet til david gjøstein.  



                Les meir. Klikk her.


             

             _____________________________________________________________________________________________________________________________            

             KNUT GJERTSEN (92) HELDt FOREDRAG OM si tid i Milorg.


 
                 Les den interessante historien: Klikk her.



          

                _____________________________________________________________________________

           Round-trip - ungdomar frå 10 ulike land vitja voss rotary klubb


                 23.-24. august 2017 hadde Voss Rotary Klubb besøk av ungdomar frå 10                       ulike land.

                 Dei 10 Ungdomane kom frå England, Romania, Taiwan, Kroatia, Tsjekkia,                     Italia, Ungarn, Tyskland, Slovakia og Nederland.  
                Alle var i alderen 17-22 år. Dei var innkvartert hjå seks Rotarymedlemer.

                 Les meir om besøket under menyvalet UNGDOM


                  _____________________________________________________________________________________

             Grindbygg - lotteriet 2017




                   I 2017 gjennomførte Voss Rotary Klubb eit lotteri der eit                            grindbygg var gevinsten.  
                   Lotteriet vart ein suksess som du kan lesa meir om under                          PROSJEKT.




 

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Idrottshuset
Adresse: På Idrettsplassen
Postnummer: 5700
Sted: Voss
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 18:30
Møtespråk: no
Møtedetaljer: Møtedag annakvar onsdag.

Plasser innhold her

Møtearkiv fra
før August 2022



roterende lenker

Nyheter fra
Rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Distrikt - Rotary RSS