bedriftsbesøk hjå gjeraldstveit mekaniske as

Tekst: Odrun Vellene Vevatne/Odd Henry Hommedal
Foto: Kjell Erik Herheim

Voss Rotary klubb var  15.11.2017 på besøk hjå Gjeraldstveit Mekaniske AS,  eigar og dagleg leiar  Narve Gjeraldstveit og ingeniør Olav Klette tok imot Rotarymedlemane.  Bedrifta har pt.  11 tilsette. Det var Narve sin far, Arne Gjeraldstveit som kjøpte bedrifta i 1972 etter at han hadde arbeidd hjå smed Bystøl i 13 år.  Han er no 79 år og framleis aktiv i bedrifta.

Vi samlast fyrst  i møterommet der bedrifta vart presentert  av Gjeraldstveit og Klette.  Deretter var det omvising i produksjonshallen. Bedrifta består av fleire deler;  ein produksjonsdel, ein utleigedel, eit eigedomsselskap,  Gjeraldstveit Holding  og Voss Liftutleige m.m.

Bedrifta har  sertifiserte sveisarar og er godkjend lærebedrift. Bedrifta produserer CE-godkjende produkt etter EU direktiv. Dei lagar ikkje ting for masseproduksjon enno, men dette kan bli aktuelt.  Dei lagar små og store ting på oppdrag for heile landet.

Det store nybygget vart ferdig i 2017. Bygget er oppvarma av jordvarme frå to borehol på over 200 m ned i grunnen. Nybygget er elles moderne utstyrt med ledlys og god ventilasjon. Det er innkjøpt mange nye moderne datastyrte maskiner for produksjon av metall produkt.

Bedrifta inneheld hydraulikkverkstad. Her er alt arbeid datastyrt, noko som sikrar raskt arbeid med stor nøyaktigheit. Stål, aluminium, jern osv er råmateriala.

Som privatperson eller bedrift kan ein leige ulike typar utstyr frå bedrifta – smått og stort - m.a. til å kunne bygge eit heilt hus!

Bedrifta har ei flott heimeside med god informasjon om bedrifta og alt dei tilbyr.

Klikk HER for å koma til heimesida.


Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Idrottshuset
Adresse: På Idrettsplassen
Postnummer: 5700
Sted: Voss
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 18:30
Møtespråk: no
Møtedetaljer: Møtedag annakvar onsdag.

Plasser innhold her

Møtearkiv fra
før August 2022



roterende lenker

Nyheter fra
Rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Distrikt - Rotary RSS