Sverre Leiro: Frå Jord til Bord

Tekst: Ragnar Aronsen

Foto: Kjell Erik Herheim

Sverre fortalde frå sine erfaringar frå næringsmiddelbransjen – fyrst som produktansvarleg hos Stabbur- Nilsen og seinare som leiar i Norgesgruppen.

Han refererte til at i 1972 bestilte Stortinget ei utredning om maktforholda i næringsmiddelbransjen og varehandelen, samtidig som dei gjekk inn for forbod mot prisdiskriminering i næringsmiddelindustrien.  I år har regjeringa bestilt det same: Ei utredning om maktforholda og ei utgreiing om det vil kunne gjennomførast eit forbod mot prisdiskriminering.

Vidare snakka han lenge om matsvinn og om korleis haldbarheitsmerkinga av matvareprodukter bidreg til dette svinnet.  Er det noko han angrar på er det at han var med på innføringa av denne merkinga.

Avslutningsvis var han inne på utviklinga i emballasjemarknaden og korleis mindre pakningar – t.d. «Middag for ein person» er med på å auke plastforbruket.  Eit stykke på veg meinte han at emballasjeforbruket i daglegvarehandelen vil avhenge av haldningar hos den enkelte kjøpmann.  Alle varer treng ikkje seljast i innpakning.

Det var eit engasjerande foredrag og vi fekk eit godt inntrykk av korleis makta og styringa i daglegvarehandelen har flytta seg frå produsentleddet til detaljistleddet.  Medan det før i tida var industrien som fortalde kjøpmennene kva kundane ville kjøpe er det i dag kjøpmannsleddet som sit med kunnskapene takka vere statistikk dei får frå medlemsordningar som Trumf, Coop-kort osv.


Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Idrottshuset
Adresse: På Idrettsplassen
Postnummer: 5700
Sted: Voss
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 18:30
Møtespråk: no
Møtedetaljer: Møtedag annakvar onsdag.

Plasser innhold her

Møtearkiv fra
før August 2022



roterende lenker

Nyheter fra
Rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Distrikt - Rotary RSS