Referat frå møte Fleischer’s Hotel onsdag 21.03.2018.

Program:  v/KNUT GJERTSEN – Sapiens – ei kort historie om menneska si utvikling.

Knut hadde lese boka av Youval Noah Harari og heldt eit foredrag  der han gjorde greie for deler av innhaldet i boka og dei problemstillingane forfattaren kjem inn på.

Først kom han inn på menneska si utvikling frå aper til menneske og på Sapiens si dominarande stilling blant menneska.

I gjennomgangen av utviklinga tok han for seg ei rekkje viktige stadier i utviklinga:  Ild og varme – Språkutvikling og språkets innverknad på Sapiens kognitive utvikling, Sosiale gruppestorleikar og korleis menneska i samband med overgangen frå jeger og sankar kultur til jordbrukskultur utvikla imaginære verkelegheiter og dermed evna til å samarbeide utover den personlege kontaktkretsen til den enkelt.

Han kom inn på korleis jordbrukskulturen skapte behovet for standard bytestorleikar, symbolisert med pengar, og korleis pengane i dag spelar ei rolle i byte av verdiar over heile verda.

Han var elles innom at Sapiens truleg har vore det farlegaste dyret i jorda si utvikling, at vi har utrydda dei fleste store dyreartar over heile verda og at vi aukar i antal i eit faretruande stort tempo.

Knut var særleg opptatt av korleis kommunikasjon og teknologisk utvikling har ført til stadig sterkare globalisering med ei forskyving av industriproduksjon frå Vesten til Austen med dei utfordringane dette skaper for den vestlege verden.  Samtidig meinte han at dette kunne danne grunnlag for eit sterkare internasjonalt samarbeide i framtida.

Til slutt kom han inn på dei moglegheitene som ligg i nyare teknologisk og medisinsk – eller skal vi seie – vitskapeleg utvikling.

Etter foredraget utspant det seg ein aktiv diskusjon der fleire medlemer gav uttrykk for både pessimistiske og optimistiske tankar om framtidsutviklinga.

Bjarne Melve anbefalte boka, særleg på grunn av forfattaren si samanfatting av utviklingshistoria, der han setter menneska si utvikling inn i Darwinismen, og kjem med truverdige forklaringar om korleis menneska si verd er blitt til den verda vi kjenner i dag.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Idrottshuset
Adresse: På Idrettsplassen
Postnummer: 5700
Sted: Voss
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 18:30
Møtespråk: no
Møtedetaljer: Møtedag annakvar onsdag.

Plasser innhold her

Møtearkiv fra
før August 2022



roterende lenker

Nyheter fra
Rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Distrikt - Rotary RSS