PROSJEKT / GRINDBYGG LOTTERIET

Grindbygg-lotteriet


Foto: Kjell Herheim

Voss Rotaryklubb – Grindbygglotteri 2017.

Sist haust var det mangeårig medlem i Voss Rotaryklubb, Knut Sæten, som kom på ideen om å laga eit klubblotteri med eit eigeprodusert grindbygg som vinst. President Audun Lødemel tente straks på ideen og den vart presentert for dei øvrige klubbmedlemane.  

Prosjektet vart sett igang som ein dugnad alle kunne vera med på. Det var Knut og Audun som laga grindbygget heime hjå Knut. Nær sagt alle Rotary medlemane i klubben var med og selde lodd til bedrifter og privatpersonar. Hovudmengda av lodda vart selde i butikkane Amfi, Coop og Kiwi. Loddsalet vart avslutta med fire veker loddsal på torget på Voss, der grindbygget var sett opp.

Omtrent alle 3000 lodda vart selde og trekkjinga fann stad  31.mai 2017. Den heldige vinnaren vart Voss Veksel- og Landmandsbank, som gav vinsten vidare til Vetleflaten Omsorgsenter. Der står det i hagen til glede for dei eldre.

Klubben har bestemt å bruka overskotet frå lotteriet både til lokale og internasjonale prosjekt.

Foto: Kjell Herheim                                                                                              Foto: Audun Lødemel

F    

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Idrottshuset
Adresse: På Idrettsplassen
Postnummer: 5700
Sted: Voss
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 18:30
Møtespråk: no
Møtedetaljer: Møtedag annakvar onsdag.

Plasser innhold her

Møtearkiv fra
før August 2022



roterende lenker

Nyheter fra
Rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Distrikt - Rotary RSS