GUNNAR SCHEI: FRAMANDKRIGARAR I DEN SPANSKE BORGARKRIGEN.

På møtet onsdag 7. februar 2018 held Gunnar Schei foredrag om framandkrigarar i den spanske borgarkrigen.

Gunnar innleidde med å greie ut om bakgrunnen for den spanske borgarkrigen, der opprørarane under leiing av general Franco nedkjempa regjeringsstyrkane og overtok makta i Spania.  Krigen varte frå 1936 til 1939.  Høgresida under Franco vart kalla nasjonalistar og venstresida vart kalla republikanarar.  Venstresida rekrutterte sympatisørar frå mange land, også frå Norge, sjølv om Stortinget i 1936 vedtok ei lov med forbod for norske borgarar å verva seg til krigen.  Vidare fortalde han inngåande om sin onkel som var aktiv i arbeidarrørsla i Førde, og som på trass av at han hadde skaffa seg ein trygg og god jobb i redaksjonen i avisa Firda i Førde, likevel oppsøkte den norske vervingssentralen i Oslo og lot seg verve til krigen.  Han gjekk inn på bakgrunnen til onkelen og gjorde greie for korleis det kunne ha seg at ein ung, norsk 18-åring med idealistiske, venstreside synspunkt kunne late seg verve. Schei refererte frå brev onkelen hadde skrive, mellom anna til mor si, og han gjorde greie for korleis denne unge mannen blei skoten og døydde i Spania i 1937. 

(Ref.: Ragnar Aronsen).

(Foto: Kjell Erik Herheim).  

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Idrottshuset
Adresse: På Idrettsplassen
Postnummer: 5700
Sted: Voss
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 18:30
Møtespråk: no
Møtedetaljer: Møtedag annakvar onsdag.

Plasser innhold her

Møtearkiv fra
før August 2022



roterende lenker

Nyheter fra
Rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Distrikt - Rotary RSS